Skip to content
← Back to job listings

Ledige stillingar for fagarbeidarar og assistentar i skule og SFO

ULSTEINVIK BARNESKULE · Møre og Romsdal, Norway

External listingfull-time5 days ago

About The Role

Ulstein kommune har fire grunnskular. Her kan du lese om skulane.

Ulsteinvik barneskule har ledige stillingar som fagarbeidar/assistent i skule- og SFO-tilbodet. Stillingane som er ledige no er faste stillingar. Det kan også bli ledige stillingar på andre skular. Omfanget vil vere avhengig av eventuelle oppseiingar, permisjonar, interne overføringar og tildelte ressursar.

Vi arbeider for kjønnsmessig balanse i personalgruppa, og oppmodar difor menn om å søkje på stillingane.

Arbeidsoppgåver Hjelpe enkeltelevar og elevgrupper i skulekvardagen, både fagleg og sosialt, i undervisningssituasjonar, friminutt og på SFO Vere aktivt saman med elevane, og kunne organisere og sette i gong leik og aktivitetar med elevgrupper Bidra til å skape eit trygt og inkluderande fellesskap for elevane Samarbeide med føresette Samarbeide tett med lærarar, fagarbeidarar og leiinga ved skulen

Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar Erfaring frå arbeid i skulen eller anna arbeid med barn og unge Søkjarar utan fagbrev med relevant praksis kan bli vurdert Personlege eigenskapar Du har eit positivt barnesyn og eit blikk for barnet sine gode sider og styrker Du evnar å etablere gode relasjonar til barn/ungdom og er ein tydeleg vaksen Du er trygg, omsorgsfull og har godt humør Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med elevar, føresette, kollegaer og leiing Du er strukturert, fleksibel og løysingsorientert Du har høg arbeidskapasitet og bidreg aktivt til et godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.

Vi tilbyr Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø Varierande og spennande arbeidsoppgåver Tilsetting på vanlege kommunale vilkår

Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.

KontaktinformasjonKaren Strand, Kommunalsjef, +47 99412490

ArbeidsstadSjøgata 63

6065 Ulsteinvik

  • Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten
  • Referansenr.: 5164476994
  • Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 23.08.2026

Om arbeidsgiveren: Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing