Skip to content
← Back to job listings

Er du ein profesjonell vaksen som set læring og trivsel høgt i eit inkluderande felleskap?

ØLEN SKULE · Rogaland, Norway

External listingfull-time6 days ago

About The Role

Vil du vera med å skape eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevane våre? Me treng lærar i 100% fast stilling ved Ølen skule. Søk jobb hjå oss!

Kva får du jobba med hos oss? Ta ansvar for fag og klassar på mellomtrinn og/eller ungdomstrinn. Mogleg kontaktllæransvar. Vera med å utvikle gode rutinar på sosial samhandling for klasse og enkeltelevar. Me kan tilby: Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring. Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast. Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan. Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor. Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor ( KORe’ Vindafjord ). Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Konkurransedyktig kontaktlærartillegg. Kvalifikasjonar: Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk. Godkjent undervisningskompetanse (kandidatar med annan kompetanse/erfaring kan søke, tilsetting blir då mellombels). fagønsker: matematikk, naturfag og kroppsøving. Er ein fordel om du har erfaring eller kompetanse på individuell tilrettelagt opplæring. Gode datakunnskaper. Personlege eigenskapar: Du må vera god på samarbeid både med barn og vaksne. Vera ein autoritativ vaksen. Løysningsorientert og systematisk. Omsorgsfull, trygg og føreseieleg. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Andre opplysningar: Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga. Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.

Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.

Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing