Jordmor - inntil 100% mellombels
VINJE KOMMUNE HELSE AVD JORDMOR · Telemark, Norway
About The Role
Vil du fylgje livets viktigaste augneblink i Vest-Telemark? Som jordmor i Vest-Telemark får du arbeide i eit jordmorsamarbeid med stor variasjon og nærleik til kvinnene. Å arbeide som jordmor i Vest-Telemark krev at du trivst med å arbeide sjølvstendig, og i eit distrikt med store avstandar - men du får også nærleik til natur og eit godt fagmiljø! Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark gjev tilbod om svangerskap- og barselomsorg for fem kommunar, og beredskap- og fylgjeteneste frå Jordmorvakta i Seljord til seks kommunar. Me har ledig inntil 100 % mellombels stilling frå 01.10.2026. Det er høve for fast tilsetting dersom samarbeidet med Sykehuset Telemark helseforetak (STHF) om beredskap- og fylgjeteneste ikkje vert avslutta i april 2027. Stillinga er ein kombinasjon av arbeid på dagtid og døgnvakter, og består av svangerskaps- og barseloppfylging på helsestasjon og beredskap- og fylgeteneste. Oppmøtestad er Seljord. Det er høve til å tilpasse dagar for helsestasjonsarbeid. Arbeidsoppgåver Gjennomføre svangerskapskonsultasjonar i tråd med nasjonale retningsliner, inkludert samtaler, undersøkingar og vurderingar Førebuande kurs og individuelle samtaler om amming, fødsel og barseltid Utføre heimebesøk og etterkontrollar med fokus på både mor og barn si helse og trivsel Fylgjeteneste og beredskap på Jordmorvakta i Seljord Dokumentere i elektronisk pasientjournal og samarbeide tett med helsesjukepleiarar, fastlegar og andre relevante fagpersonar Delta i fagmøte og bidra til kontinuerleg fagutvikling i jordmorsamarbeidet Kvalifikasjonar Autorisert jordmor Førarkort klasse B og tilgang til eigen bil Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Erfaring frå fødeavdeling Det er ynskjeleg at du har arbeidserfaring frå svangerskaps- og barselomsorg Det er ein fordel om du har kompetanse innan kvinnehelse Personlege eigenskapar Du har eit sterkt engasjement for å gje gravide, fødande, barselkvinner og deira familiar tryggleik og støtte gjennom heile forløpet Du held deg fagleg oppdatert, og nyttar kunnskap aktivt i di yrkesutøving Du bidreg i tverrfagleg samarbeid med relevante samarbeidspartnarar Du bidreg til eit positivt og støttande arbeidsmiljø Du er løysingsorientert og har evne til å tilpasse deg ulike situasjonar Du tek ansvar for eigne oppgåver, planlegg arbeidet godt og har evne til prioritere Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting. Vi tilbyr Du blir ein del av eit fagleg sterkt jordmorsamarbeid med faste fagmøte Du får relevant opplæring ved oppstart, og fagleg støtte undervegs Løn i 100 % stilling: 850 000 kr Vi har kalenderplan med arbeidshelg på Jordmorvakta kvar 6. veke God forsikrings- og pensjonsordning Godkjend politiattest må framvisast før tilsetjing Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, sjå lånekassa for meir informasjon. Kontaktinformasjon Helene Mølster Byggland, Avdelingsleiar jordmorstenesta, 40907794, <[email hidden]> Arbeidsstad Jakob Naadlands veg
3840 Seljord Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5164027134
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 30.04.2027
Søknadsfrist: 26.08.2026 Om arbeidsgiveren: Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Les meir om livet i Vinje her
Sjå Vinjefilmen her
This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
