Sjukepleiar i heimetenesta
GOL KOMMUNE HEIMETENESTEN · Buskerud, Norway
About The Role
Er du sjukepleiar og ønskjer ein jobb der du verkeleg betyr noko? I heimetenesta i Gol kommune får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der ingen dagar er like. Hos oss møter du menneske i alle livsfasar, byggjer tillitsfulle relasjonar og bidreg til tryggleik, meistring og livskvalitet i kvardagen. Vi har ansvar for om lag 200 brukarar med ulike behov, og arbeider målretta for å fremje helse, førebyggje sjukdom og støtte den enkelte i å leve eit mest mogleg sjølvstendig liv. Vi legg vekt på å sjå heile mennesket og ta utgangspunkt i brukarane sine eigne ressursar, ønskje og mål.
No søkjer vi ein engasjert og fagleg nysgjerrig sjukepleiar til ei fast 100 % stilling. Du blir ein del av eit inkluderande og kompetent fagmiljø, der samarbeid, utvikling og kvalitet står i sentrum. Her får du brukt breidda i sjukepleiefaget, tett samarbeid med dyktige kollegaer og høve til å påverke utviklinga av tenestene våre.
Stillinga inngår i todelt turnus med arbeid kvar fjerde helg. Helgevaktene er langvakter på 12,5 timar, noko som gir gode periodar med samanhengande fritid. Som sjukepleiar vil du arbeide både i omsorgsbustader og ute i heimetenesta. Velkomen til eit fagmiljø som brenn for gode tenester og menneska vi er til for. Kvifor velje heimetenesta? I heimetenesta får du brukt breidda i sjukepleiefaget. Du tek sjølvstendige vurderingar, handterer varierte problemstillingar og samarbeider tett med andre faggrupper. Hos oss får du: ein variert og spennande arbeidskvardag der ingen dagar er like stor grad av sjølvstende og fagleg ansvar moglegheit til å utvikle og påverke tenestene våre eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet og læring trivelege, inkluderande og dyktige kollegaer som støttar kvarandre Arbeidsoppgåver: utføre sjukepleie-, pleie- og omsorgsoppgåver i tråd med vedtak og faglege retningsliner fremje helse, førebyggje sjukdom og bidra til lindring og meistring utføre kliniske observasjonar og faglege vurderingar legemiddelhandtering, legemiddelsamstemming og legemiddelgjennomgangar rettleie nytilsette, studentar og lærlingar samarbeide tett med fastlegar, pårørande og andre kommunale tenester bidra til utvikling og forbetring av rutinar og prosedyrar sikre forsvarlege helse- og omsorgstenester i samsvar med gjeldande lovverk og kvalitetskrav medverke til god ressursutnytting og fagleg utvikling i tenesta Kvalifikasjonar: autorisert sjukepleiar med norsk autorisasjon (HPR-nummer må registrerast i søknaden) bestått norskprøve på nivå B1, både munnleg og skriftleg førarkort klasse B Vi ser etter deg som: er fagleg engasjert og ønskjer å utvikle deg er sjølvstendig, strukturert og tek ansvar har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner er løysingsorientert og trivst med nye utfordringar har gode IKT-kunnskapar, gjerne erfaring med Gerica bidreg positivt til arbeidsmiljøet er innovativ og ser moglegheiter for utvikling av tenestene Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr: eit spennande fagmiljø med fokus på kvalitet og utvikling varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar deltaking i faglege forum og kompetansehevande tiltak kurs og systematisk opplæring støtte til relevant vidareutdanning konkurransedyktige lønsvilkår arbeid etter prinsippa for personsentrert omsorg aktiv satsing på kvardagsrehabilitering eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer Send søknad:
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre. Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først). Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. Søknadsfrist: 30.08.26 Vi gler oss til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Gol er utdannings- og handelsknutepunkt i Hallingdal og huser ca. 4 700 innbyggere. Universitetet i Sørøst-Norge etablerer et Campus Hallingdal på Gol i 2024. Vi satser på utdanning, innovasjon og forskning. Golnøklene, samskaping, innbyggerdialog og bærekraft låser opp det ”Gode liv på Gol” for våre besøkende og fastboende. Vi kan tilby svært gode forhold for en aktiv fritid, enten det er friluftsliv eller kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol ligger midt imellom øst og vest med kort vei til både Oslo og Bergen. Det er Bergensbanen som binder oss sammen med Norges to største byer. Kommunen er inkluderende og familievennlig. Vi har både ny 1-10 skole og ny idrettshall, god barnehagedekning og et variert skoletilbud med både videregående skule, folkehøyskole og snart et universitet.
This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
