Barnevernkonsulent/familierettleiiar
SAMNANGER KOMMUNE BARNEVERNET · Vestland, Norway
About The Role
Om stillinga Samnanger barnevernteneste er ei av dei minste barneverntenestene i regionen – men me har store ambisjonar. Tenkjer du at Samnanger ligg litt langt unna og er i ferd med å bla vidare? Vent litt, kanskje dette er akkurat jobben du har leita etter. Me har no ledig ei 100 % fast stilling som barnevernskonsulent/familierettleiar. Barneverntenesta har tre årsverk og er organisert i eininga Livsmeistring. Som ei lita teneste har me korte beslutningsvegar, tett samarbeid og stor moglegheit til å påverke både fagutvikling og korleis me utviklar tenestene våre. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø som arbeider for at barn, unge og familiar skal få rett hjelp til rett tid. Me er opptekne av kvalitet, brukarmedverknad og å byggje gode relasjonar med barn, familiar og samarbeidspartnarar. Stillinga gir ein variert arbeidskvardag med sakshandsaming etter barnevernslova, familierettleiing, direkte tiltaksarbeid og førebyggjande arbeid. Du blir òg ein del av Samnangerhjelpa, kommunen si lågterskelteneste, der tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid står sentralt. Me er ein del av «laget til barnet» og samarbeider tett med skule, barnehage, helsestasjon, psykisk helse og andre tenester. Gjennom det barnevernfaglige samarbeidet «Små saman» får du òg tilgang til eit større fagmiljø med gode moglegheiter for rettleiing, kompetansedeling og utvikling. Hos oss får du høve til å gjere ein forskjell – både for den enkelte familien og for utviklinga av framtidas barnevern.
Arbeidsoppgåver Sakshandsaming og oppfølging etter barnevernslova, inkludert undersøkingar, kartleggingar, vurderingar og oppfølging av hjelpetiltak Tverrfagleg samarbeid med skular, barnehagar, PPT og andre relevante samarbeidspartnarar Oppfølging av barn og unge i fosterheim og institusjon Utarbeiding av saksframlegg og representasjon av kommunen i saker for Barnevern- og helsenemnda Samtalar med barn, ungdom og føresette, familierettleiing og målretta endrings- og tiltaksarbeid Leiing av rettleiingsgrupper og oppfølging av besøksheimar, fosterheimar og fritidskontaktar Deltaking i Samnangerhjelpa og kommunen sitt førebyggjande arbeid gjennom tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid Bidra til utvikling av gode samhandlingsrutinar og vidareutvikling av tenestene Deltaking i det barnevernfaglege samarbeidet «Små saman» Noko reiseverksemd og ettermiddagsarbeid må påreknast
Kvalifikasjonar Krav Bachelorgrad i barnevern eller sosialt arbeid Søkjarar med anna relevant bachelorutdanning kan vurderast dersom dei har minst eitt års erfaring frå kommunal barnevernteneste eller anna relevant erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk Gode digitale ferdigheiter Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing Førarkort klasse B og disponering av eigen bil Det er ein fordel om du har Erfaring frå kommunal barnevernteneste Relevant vidareutdanning innan familieterapi, rettleiing, systemisk arbeid eller anna barnevernfagleg fordjuping Kompetanse innan foreldre- og samspelsrettleiing, til dømes COS-P, ICDP, PMTO eller tilsvarande Erfaring med endringsarbeid og hjelpetiltak i familiar Erfaring med tverrfagleg samarbeid og førebyggjande arbeid
Personlege eigenskapar Møter barn, unge og familiar med openheit, respekt og audmjukheit Har gode samarbeids- og relasjonsevner Arbeider strukturert, systematisk og sjølvstendig Har god fagleg refleksjonsevne og tek gode faglege vurderingar Er fleksibel og trivst i ein variert arbeidskvardag Bevarer ro, struktur og fagleg kvalitet også i periodar med høgt arbeidspress og korte tidsfristar Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø og deler kunnskap med kollegaer Har forståing for barns medverknad og betydninga av god dokumentasjon i barnevernsarbeidet Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt ved tilsetjing.
Me tilbyr Hjå oss får du høve til å: Gjere ein reell forskjell for barn, unge og familiar Bidra til tidleg innsats, førebyggande arbeid og gode oppvekstvilkår gjennom tett samarbeid med andre tenester Arbeide med undersøkingar, hjelpetiltak og målretta endringsarbeid – med fokus på å skape varige endringar for barn og familiar Bli ein del av eit lite, engasjert og kompetent fagmiljø med korte beslutningsvegar, dyktige kollegaer og stort handlingsrom Ha stor moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og bidra til utviklinga av tenestene Ha ein variert arbeidskvardag med både direkte arbeid med barn og familiar, systemarbeid og utviklingsoppgåver Få gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom rettleiing, kurs og relevant vidareutdanning Fleksibel arbeidstid, gode velferdsordningar og lønns-, pensjons- og forsikringsordningar etter gjeldande avtaleverk Me trur at dei beste løysingane blir skapte saman. Difor er barnevernet ein naturleg del av kommunen sitt samla førebyggande arbeid, med tett samarbeid på tvers av fagområde for å gi barn og familiar rett hjelp til rett tid.
Arbeidstilhøve Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte til å søkja jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk eller kulturell bakgrunn. Dersom du har utanlandsk utdanning, må denne vera godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring. Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Om arbeidsgiveren: I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar har stort potensiale. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare. Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.
This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
JobSpring