Fagbioingeniør ved Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS · Vestland, Norway
About The Role
Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar har no eit ledig vikariat som fagbioingeniør frå 26.10.2026 til 26.07.2027, med moglegheit for forlenging.
Seksjonen har 18 medarbeidarar, dette inkluderer 7 kjemikarar og 4 fagbioingeniørar. Vi har eit tett og godt samarbeid mellom faggruppene og eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og fagleg engasjement.
Analyserepertoaret omfattar meir enn 50 ulike legemiddel og over 40 rusmiddel. Kvart år analyserer vi om lag 30 000 legemiddelprøver og 40 000 rusmiddelprøver frå både sjukehuset sine pasientar og primærhelsetenesta. I tillegg til omfattande rutinedrift driv vi og forsking og utviklingsarbeid.
Seksjonen er ein del av Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga har om lag 370 tilsette fordelt på 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, i tillegg til tre legegrupper (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi). Laboratoriet er akkreditert etter ISO-standard 15189.
Arbeidsoppgåver Oppfølging av analysemetoden Fosfatidyletanol (PEth)
Jamleg tillaging og testing av ulike løysingar til drift av analysemetod
Instrumentvedlikehald
Oppfølging av analytisk kvalitetskontroll
Skrive og redigeringsarbeid i EK
Opplæring og sertifisering av tilsette på seksjonen
Undervisning/rettleiing av bioingeniørstudentar
Delta i dei daglege rutinane ved seksjonen, inkludert blodprøvetaking
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som bioingeniør med minimum 2 års praksis etter endt utdanning Erfaring frå arbeid med LC-MS/MS metodar og farmakologiske analysar er ein fordel Gode datakunnskapar er ein fordel Må meistre norsk både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar blir vektlagde Personlege eigenskapar Evne til å arbeide nøyaktig, systematisk og konsentrert Positiv, hjelpsam, løysingsorientert og målretta Viser fagleg tryggleik, tillit og respekt Punktleg, påliteleg og ansvarsbevisst Gode gjennomføringsevner Vere ein god teamarbeidar og bidra til godt samarbeid på seksjonen Trivast i eit dynamisk arbeidsmiljø
Vi tilbyr Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar Grundig opplæring og innføring i oppgåvene Arbeid på dagtid, med arbeid enkelte helger og helgedagar etter fast turnus Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonChristina Ramsnes, Seksjonsleiar, 55973257
Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, <[email hidden]>
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
- Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
- Referansenr.: 5154580489
- Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 30.08.2026
Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på <www.helse-bergen.no> eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
JobSpring