Vassenden heimeteneste har ledige stillingar
VASSENDEN HEIMETENESTE · Vestland, Norway
About The Role
Er du sjukepleiar og ønskjer ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg! Vassenden Heimeteneste gir helse- og omsorgstenester til pasientar i alle aldrar, med hovudvekt på eldre. Pasientane bur anten i omsorgsbustad eller i eigen heim rundt om i bygda. Hos oss blir du ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø der du får høve til å lære av dyktige kollegaer og bidra til vidareutvikling av tenesta. Vi legg vekt på samarbeid, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø. Ingen dagar er heilt like i heimetenesta. Du møter pasientar med ulike behov og vil jamleg stå overfor nye situasjonar og utfordringar som krev faglege vurderingar og løysingar. Dette gir deg ei unik moglegheit til å utvikle breiddekompetanse og bruke både kliniske ferdigheiter, fagkunnskap og sjølvstende i praksis. Dersom du trivst med ansvar, variasjon og meiningsfulle arbeidsdagar, håpar vi du vil søkje stilling hos oss. Vi har følgande stillingar ledig: 100 % fast stilling som sjukepleiar frå snarast 100 % vikaritat som sjukepleiar i perioden 01.10.2026 - 31.08.2027 Stillingane inneheld ein variert arbeidskvardag med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg . Det er mogleg å jobbe langvakter og kvar fjerde helg med samla langfri dersom du ønsker det. Arbeidsoppgåver: sjukepleiefagleg oppfølging og behandling av pasientar kartlegging, observasjon og dokumentasjon medikamenthandtering tverrfagleg samarbeid med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar bidra til fagutvikling og kvalitet i tenesta aktiv bruk av velferdsteknologiske løysingar Kvalifikasjonar: norsk autorisasjon som sjukepleiar beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg førarkort klasse B Vi søkjer etter deg som er: er fagleg engasjert og løysingsorientert kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar har gode samarbeidsevner er fleksibel og trivst i ein variert arbeidskvardag har interesse for teknologi og utvikling av framtidas helsetenester bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetjing Kva tilbyr vi? eit godt og inkluderande fagmiljø fokus på trivsel, samarbeid og godt arbeidsmiljø ein variert og spennande arbeidskvardag faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter arbeidsmetodar med bruk av velferdsteknologi fleksible turnusløysingar med moglegheit for langvakter og arbeid kvar fjerde helg med samla langfri kompetansetillegg for relevant vidareutdanning Politiattest av nyare dato må leggast fram før start i stilling. Du søker elektronisk Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
JobSpring