Vikariat i 60-80 % stilling som barnehagelærar/evt fagarbeidar på ubestemt tid - oppstart så snart som mogeleg
SEIM BARNEHAGE SA · Vestland, Norway
About The Role
På den eine 3-6 års avdelinga vår har vi i alt 3 pedagogar + fleire pedagogiske medarbeidarar. Pga sjukmelding hos nokon av pedagogane, søkjer vi ein barnehagelærar som kan tenkje seg å vere vikar i 60-80 % på ubestemt tid - til dei faste tilsette er på plass igjen.
Krav til kompetanse
- Førskolelærerutdanning
- Om ikkje vi får søkjarar med førskulelærarutdanning, er søkjarar med anna fagkompetanse som barne- og ungd.arbeidar eller anna relevant fagbrev aktuelle
Vi ynskjer oss barnehagelærar med
- godt humør
- gode samarbeidsevner
- engasjement og initiativ
- fokus på barna
- evner til god kommunikasjon
- evne til fleksibilitet og kan ta eigne avgjersler/jobbe sjølvstendig
- erfaring i høve arbeid med barn med særskilde behov
- erfaring med DUÅ (De utrolige årene)
- beherskar bruk av pc som arbeidsreiskap
- Personlege eigenskapar vert også vektlagt.
Vi tilbyr deg
ein kvardag med verdens beste barn
hyggelege og gode kollegaer som nyttar aktivt DUÅ prinsipp i sin kvardag
innhaldsrik og variert jobb
barnehage som er medlem i Pbl (Private barnehagers landsforbund)
5 planleggingsdagar i året
Tilsetting krev godkjent politiattest.
Lønn etter gjeldande tariffavtale som førskulelærar/evt fagarbeidar
Referanse er ynskjeleg.
Om arbeidsgiveren: Seim barnehage er ein privat, foreldredriven andelsbarnehage på Seim. Vi har 4 avdelingar - 2 stk 1-3 årsavd og 2 stk 3-5 års avd. Frå aug 26 vert vi i alt 57 barn og ca 20 tilsette (mange jobbar redusert stilling).
Barnehagen ligg fint til sentralt på Seim med gode turmoglegheiter tett på, både til skog og fjære. Vi er ei stabil personalgruppe der dei fleste har jobba her i mange år.
This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
JobSpring