Sjøvakt 2:2 turnus
FJORD1 AS · Vestland, Norway
About The Role
F jord1 har no ei ledig stilling som dekkssjef i sambandet Fedje-Sævrøy, pt. trafikkert av vår flotte el-ferje MF Fedjebjørn. Turnusordninga er 2 veker på og 2 veker fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodane bur du om bord. Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir bred erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrande værforhold, stor trafikk og høgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse i samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press - erfaringer som er nyttig i vidare arbeid til sjøs.
Arbeidsgjevar dekker reiseutgifter mellom heim og arbeidsstad etter dei retningslinjene som er fastsette. Tilsetjing skjer etter avtale, med ønske om oppstart så snart som mogleg. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver Overordna ansvar for sikker drift av skip, tydeleg og trygg leiar ovanfor mannskap. Ansvar for at fartøy driftast i henhald til styringssystem, lovar og forskrift. Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. Andre oppgåver i samsvar med stillingsinstruks dekkssjef.
Kvalifikasjonar Minimum D3-sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta GMDSS/ROC-sertifikat Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling Ferdigheitssertifikat HMOB Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Skandinaviske språkkunnskaper skriftlig og muntlig Rederiet dekkjer krise- og passasjerhandterings kurs for aktuelle kandidatar. Personlege eigenskapar Vi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef/overstyrmann med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tek vi med glede imot din søknad. Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. Sjøvakt: 2 veker på og 2 veker av Ein bur om bord i arbeidsperioden. Reise til/fra jobb vert dekt av arbeidsgjevar Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår! KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, <[email hidden]>
Arbeidssted
5947 Fedje
- Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 AS
- Referansenr.: 5164033817
- Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.08.2026
Om arbeidsgiveren: Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
JobSpring