Skip to content
← Back to job listings

Ung i Helse - Helgestilling v/Sveio omsorgssenter

SVEIO OMSORGSSENTER SJUKEHEIMEN · Vestland, Norway

External listingfull-time15 days ago

About The Role

Om stillinga Sveio omsorgssenter har tre avdelingar, i tillegg til kjøkkendrift og reinhald/vaskeri. Me har gode erfaringar med Ung i Helse, både i ferieavvikling og i faste helgestillingar. Difor ønskjer me deg med på laget for å bidra til gode tenester gjennom heile året. Arbeidstida vil vere frå kl. 08.00 til kl. 13.00, og stillinga gjeld annakvar helg. Arbeidet vil ikkje omfatte stell av pasientar, men oppgåver knytte til måltid, sosiale situasjonar, ulike aktivitetar med pasientane og anna førefallande arbeid.

Arbeidsoppgåver Oppgåver knytt til måltid, sosiale situasjonar, ulike aktivitetar med pasientane og anna førefallande arbeid.

Kvalifikasjonar Helsefagleg bakgrunn er ein fordel for stillingar innan omsorg, td at du går på helsefagleg linje på vidaregåande Andre med interesse for området kan også søkja Du må vera mellom 16 og 18 år Beherske norsk skriftleg og munnleg Det er krav om tilfredsstillande politiattest for personell som blir tilsett i helse- og omsorgsteneste (arbeidsgjevar hjelper med dette)

Personlege eigenskapar Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner Evne til å jobbe sjølvstendig Lojal, punktleg og pliktoppfyllande Fokus på kvalitet i tenesta Fleksibel og løysningsorientert

Vi tilbyr Arbeidserfaring Løn iht til gjeldande avtaler

Om arbeidsgiveren: Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.

Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing