Skip to content
← Back to job listings

Sjukepleiar i Heimetenesta Skodje - 100 % stilling

SKODJE HEIMETENESTE · Møre og Romsdal, Norway

External listingfull-time18 days ago

About The Role

I distriktet Skodje, har vi ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i heimetenesta. Arbeid er på dag/kveld og med arbeid kvar 3. helg. Tiltreding frå snarast. Verksemda har midlertidig økonomisk rekrutteringstiltak for sjukepleiarar Heimetenesta yt tenester til pasientar som bur i eigen heim eller omsorgsbustad, dette inkluderer Ådalen Allé 6, som er omsorgsbustadar med heildøgns omsorg. Det er stor variasjon i pasientgruppa, frå relativt friske pasientar, til alvorleg sjuke pasientar som krev høg fagleg kompetanse. Heimetenesta er opptatt av å yte gode og verdige tenester til pasientar i deira eige og trygge miljø. Heimetenseta nyttar ein del velferdsteknologisk utstyr. Dette som støtte og hjelp for å kunne gi brukarane meir friheit til å bu trygt heime. Kontorbasen vår er lokalisert i 1 etg. på Skodje omsorgssenter. I same bygg har ein fleire sjukeheimsavdelingar, omsorgsbustadar, kontor til fysioterapeut og ergoterapeut, og kjøkken. Det blir nytta kommunale bilar i tenesta. Desse er stasjonert i eigen carport ved kontorbasen.

Skodje er eit distrikt med nærleik til både natur og meir urbane strøk. I nærområdet kan ein finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og kjøpesenter like i nærleiken, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum. Lokalmiljøet i Skodje er godt tilrettelagt for alle aldrar. Der er barne- og ungdomsskular, fleire barnehagar, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, kor, korps osv.

Arbeidsoppgåver Sikre at pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer

Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen)

Legemiddelhandtering, medisinsk behandling og oppfylgjing

Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar

Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar

Bidra til godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell

Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar

Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar

3.års sjukepleiarstudentar kan søkje, men vert tilsett med atterhald om godkjent autorisasjon

Relevant erfaring er ein fordel

God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)

Beherske IKT-verktøy

Førarkort klasse B

Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar

Aktuelle kandidatar må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgjevar i god tid før oppstart i jobben.

Den som skal tilsetjast må stadfeste sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).

Krav om at personleg bankid eller idporten kan nyttast som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm)

Personlege eigenskapar Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten

Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar

Sjølvstendig og samarbeidsorientert

Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Nytenkjande og endringsvillig

Personlege eigenskaper blir vektlagt Vi tilbyr Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø

Eit støttende og engasjert kollegialt miljø

Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter verksemda sitt behov

Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff

Pensjonsordning i forhold til tariff

Bedriftshelsetjeneste

  • IA bedrift KontaktinformasjonKristin Beate Osvoll Skodjevåg, Konstituert avdelingsleder, 91810445, <[email hidden]>
  • Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 90684106, <[email hidden]>
  • ArbeidsstadÅdalsbakken 6

6260 Skodje

  • Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ålesund kommune
  • Referansenr.: 5161076504
  • Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 23.08.2026

Om arbeidsgiveren: Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere

Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter.

Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.

Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.

Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra.

Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing