Jordmor
HELSE MØRE OG ROMSDAL HF SJUKEHUSET NORDMØRE OG ROMSDAL HJELSET - SOMATIKK · Møre og Romsdal, Norway
About The Role
Har du lyst på ein spanande, givande og fagleg utfordrande jobb? Velkomen til oss som jordmor ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal!
Vi har ledig 1 vikariat som jordmor med oppstart frå snarast.
Føde/barsel SNR har årleg i overkant av 700 fødslar, og stor aktivitet. Vi har godt arbeidsmiljø og eit godt tverrfagleg samarbeid. Vi har akkurat flytta inn i eit nytt, topp moderne fellessjukehus på Hjelset.
Sjukehuset SNR er eit av tre sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen er plassert i Avdeling for kirurgi og føde, og er ein kombinert sengepost for føde og barsel. Vi er sertifisert som ein mor/barn vennleg seksjon (sist re-sertifisert i 2021), og arbeider etter retningslinene som ligg i "Eit trygt fødetilbod". Vi tilbyr ein-til-ein omsorg i aktiv fødsel, og tett oppfølging og ammerettleiing under barselopphaldet. Vi har kun familierom slik at begge foreldre kan bu saman under barseltida. Av smertelindring under fødsel tilbyr vi mellom anna jordmor tilstade under heile forløpet, massasje, akupunktur/akupressur, dusj/badekar, pudendalblokade og epidural analgesi. På poliklinikken har vi oppfølging både av gravide og barselkvinner etter tidleg heimreise.
Vi er eit tverrfagleg team i ulik alder og erfaringsgrunnlag, her kjem du til å passe godt inn enten du er nyutdanna eller erfaren.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din søknad. Søknader vil bli vurdert fortløpende.
Arbeidsoppgåver Kontinuerleg og heilskapeleg fødselsomsorg
Varierte jordmorfaglege oppgåver innanfor svangerskap, fødsel og barsel Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som jordmor Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar Det er ønskjeleg at du har meir enn 1 års erfaring frå fødeavdeling, men det er ikkje eit krav. Personlege eigenskapar Du er motivert for fagleg utvikling Du er positiv, fleksibel og tilpassingsdyktig Du har gode samarbeidsevner Du arbeider sjølvstendig, men har samstundes evne til å arbeide tverrfagleg Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonIngeborg Hjertvik, Seksjonsleder, +47 91647756, <[email hidden]>
ArbeidsstadOpdølvegen 4
6450 Hjelset
- Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
- Referansenr.: 5163534248
- Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 07.09.2026
Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
