Skip to content
← Back to job listings

Administrasjons- og servicemedarbeidar (50%)

ÅRDAL TEKNOLOGIPARK AS · Vestland, Norway

External listingfull-time7 days ago

About The Role

  • Årdal Teknologipark søkjer ein positiv, strukturert og serviceinnstilt administrasjons- og servicemedarbeidar i 50 % stilling.
  • Ei variert rolle der du får ein viktig funksjon i den daglege drifta av teknologiparken og bidreg til at både besøkande og leigetakarar får ei god oppleving.
  • Hva vi ser etter

Vi ønskjer ein person som

  • Er strukturert og sjølvstendig
  • Har gode samarbeidsevner og eit positivt vesen
  • Likar å yte god service og skape gode opplevingar for andre
  • Er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver
  • Tek initiativ og ser kva som trengst å gjerast

Arbeidsoppgaver

Vere vertskap for besøkande og gjester i Årdal Teknologipark

Koordinere bookingar og leggje til rette for møte, kurs og arrangement

Fakturering og enklare administrative oppgåver

Informere brukarar og besøkande om rutinar og retningslinjer i lokala

Bidra til orden, trivsel og god service i teknologiparken

Andre førefallande administrative og praktiske oppgåver

Vi tilbyr

Ei variert og sjølvstendig stilling i eit spennande næringsmiljø

Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte menneske

Moglegheit til å vere med og vidareutvikle Årdal Teknologipark

Løn etter avtale

Om arbeidsgiveren: Vi skal legge til rette for ny industri og næring i Årdal gjennom bygg, areal, infrastruktur og teknologi, samt koordinere og støtte samarbeid mellom eksisterande og nye aktørar i Årdal og regionen.

Våre eigarar er Årdal Utvikling, Hydro Aluminium og Årdal Energi Holding. I saman sikrar vi trygg tilrettelegging for industri- og næringsutvikling i Årdal med ei veksande eigedomsportefølje.

Selskapet arbeider tett og koordinert saman med Årdal Utvikling og Sitep, med eit felles mål om å sikre eit meir robust næringsliv i kommunen. Arbeidet vårt er forankra i det lokale næringslivet og vi er ein pådrivar for samarbeid og etablering.

Her har vi samla eit mangfald av kompetansebedrifter innan eit breitt spekter av fagområde, alt frå gründerbedrifter som produserer alger til Hydro sitt senter for forsking- og teknologiutvikling innan aluminiumsproduksjon.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing