Assistent
HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK · Møre og Romsdal, Norway
About The Role
Vil du vere med og bidra til god pasientbehandling? Har du lyst til å bli ein del av eit engasjert og dyktig team ved sengesentralen ved Ålesund sjukehus? No har du moglegheita. Vi har ledig ei fast 32,5 % stilling som assistent, i tillegg søkjer vi etter tilkallingsvikarar som kan stille på kort varsel ved behov. Sengesentralen er ein del av Seksjon forsyning og interntransport, der vi kvar dag arbeider for å levere pålitelege og kvalitetssterke servicetenester for heile sjukehuset. Sjølv om arbeidet vårt skjer i kulissane, er assistentane heilt avgjerande for at sjukehuset skal fungere godt.
Hos oss får du ei viktig rolle for å sikre at pasientsenger og tilhøyrande utstyr alltid er reint, trygt og klart til bruk. Innsatsen din bidreg direkte til god pasienttryggleik, effektiv pasientflyt og ein velfungerande sjukehuskvardag.
Du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, respekt og serviceinnstilling står sterkt. Arbeidskvardagen er variert, praktisk, aktiv og du vil samarbeide tett med fleire faggrupper på sjukehuset. Her blir du verdsett for innsatsen din, og du får vere med på å gjere ein forskjell – kvar einaste dag. Vi ser etter deg som er påliteleg, strukturert og har stor arbeidskapasitet. Du trivst med fysisk arbeid, tek ansvar og ønskjer å bidra til eit positivt arbeidsmiljø for både kollegaer og pasientar. Dersom du likar å jobbe i eit miljø med høgt tempo, meiningsfulle oppgåver og gode kollegaer, håpar vi du vil søkje jobb hos oss! Vi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver Transport, kontroll, reingjering og klargjering av pasientsenger Mottak og tilrettelegging av arbeidstøy til tilsette Bestilling av avdelingstøy Andre oppgåver som er lagde til seksjonen Kvalifikasjonar Gjerne erfaring og kjennskap innan reingjering Generelt god helse og fysikk Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Du må vere innstilt på å jobbe vakter både kvardagar, heilagdagar og i helger Personlege eigenskapar Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og likar å jobbe saman med andre Du er hyggeleg, serviceinnstilt og trivst i ein variert og til tider hektisk arbeidskvardag Du er omgjengeleg, påliteleg og nøyaktig i arbeidet ditt Ønskjer å bidra aktivt til å ta vare på og vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø Ein fleksibel person som handterer endringar på ein god måte i ein seksjon i utvikling Det er ein fordel om du kan tiltre så snart som mogleg, og og at du kan jobbe meir i periodar når det er behov Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonVegard Edvardsen Kjemphol, Seksjonsleiar, <[email hidden]>
ArbeidsstadÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5161186577
Stillingsprosent: 32,5%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 19.08.2026
Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
JobSpring