Skip to content
← Back to job listings

Sjukepleiarstudent på 1. året?

HELSE FONNA HF STORD SJUKEHUS · Vestland, Norway

External listingtemporary22 days ago

About The Role

Då er dette ein smart måte å starte karrieren på.

Hos oss får du 20 000 kr i stipend, jobb ved sida av studiet og erfaring frå sjukehus medan du framleis studerer. Du blir del av eit fagmiljø, får opplæring og kjem tett på pasientane i ein trygg ramme. 🏥 Du jobbar helger og 5 veker i sommarferien, og vi prøver å tilpasse turnusen til studiekvardagen din. Vel fagområde du er nysgjerrig på – medisin, kirurgi eller psykisk helsevern. 💡 Vi tilset fortløpande – så ikkje vent med å søkje.

Kva går jobben ut på? Hos oss får du mellom anna: ta del i den daglege behandlinga og pleia – og er tett på pasientane bli ein del av det tverrfaglege teamet som samarbeider om pasientane – kvar dag Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du er 1. års sjukepleiarstudent. Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: møter pasientar og kollegaer med respekt, varme og ro trivst med å jobbe tett saman med andre og har eit godt lag med folk tek ansvar og er sjølvstendig er nysgjerrig og liker å lære Kvifor skal du velje oss? Jo, for hos oss får du: Lønn, stipend og praksis i ett. Verdifull erfaring. Tilhørighet i eit fagleg miljø. Moglegheit til tilpassa arbeidstid etter din studiekvardag.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonGunvor Line Steinsland, HR rådgivar, <[email hidden]>

ArbeidsstadTysevegen 64

5416 Stord

  • Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
  • Referansenr.: 5136046117
  • Stillingsprosent: 0%

Vikariat

Søknadsfrist: 31.12.2026

Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her <www.helse-fonna.no> .

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing