Skip to content
← Back to job listings

Fagarbeidar

HERØY KOMMUNE ANLEGGS- OG DRIFTSAVDELINGA · Møre og Romsdal, Norway

External listingfull-time7 days ago

About The Role

Er du klar for nye utfordringar og ein jobb i uteseksjonen ved anleggs- og driftsavdelinga? Vi søkjer ein fagarbeidar innan anleggsfaget til uteseksjonen i 100% fast stilling. Vi ser etter ein person som har evna til å skape det triveleg og ryddig på dei kommunale områda som avdelinga har ansvaret for. Avdelinga sorterer under sektor for samfunnsutvikling, og har per i dag sju tilsette. Fire av desse har sitt daglege verke i uteseksjonen, med verkstad/brannstasjon som base med pauserom, kontor og garderobefunksjonar.

Arbeidsoppgåver dagleg drift og vedlikehald av dei kommunaltekniske anlegga i kommunen; kommunale vegar, avløpsanlegg, hamn, sentrumsområde, parkområde og verkstaddrift vintervedlikehald, der du må pårekne å delta i brøyteberedskapen køyring av maskiner som vi brukar i den daglige drifta, per i dag har vi lastebil med kran, liten lastebil, traktor og hjullaster Stillinga kan verte tillagt andre arbeidsoppgåver ved behov, der det kan være aktuelt å delta i vaktordning - teknisk vakt. Kvalifikasjonar fagbrev i anleggsfaget, anna relevant utdanning kan verte vurdert lang erfaring innan arbeidsområdet kan kompensere for utdanningskravet sertifikat klasse C, B og T, det er også ønskeleg med E ønskeleg med maskinførar sertifikat for hjullaster gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar serviceinnstilt, effektiv og er opptatt av kvalitet sjølvstendig, men må kunne jobbe i team du må trivast i eit hektisk miljø der planane kan endrast på kort varsel vere fleksibel og løysningsorientert likar å ta ansvar og få ting gjort det er ønskeleg med gode datakunnskapar innan SD-anlegg og FDV-program Vi tilbyr utfordrande og spennande arbeidsoppgåver moderne kontor/garderobar og verkstad, Sjukeheimsvegen 12 gode pensjonsordningar i KLP Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen. Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte innkalla til intervju. KontaktinformasjonFred Arnesen, Avdelingsleiar, +47 48897570

ArbeidsstadSjukeheimsvegen 12

  • 6092 Fosnavåg
  • Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune
  • Referansenr.: 5162042630
  • Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.09.2026

Om arbeidsgiveren: Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.

Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.

Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.

I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing