Skip to content
← Back to job listings

Rådgjevar

MOVIA UTVIKLING AS · Vestland, Norway

External listingfull-time11 days ago

About The Role

  • Avdelinga vår på Nordfjordeid har ledig 100% fast stilling som rådgjevar.
  • Hva vi ser etter

Vi ser etter deg som har

Relevant høgare utdanning, minimum på bachelornivå

Erfaring frå liknande arbeid, og / eller kunnskap om og interesse for arbeidsinkludering

God menneskekunnskap med auge for ressursar og utviklingspotensial

Evne til å vere motiverande og sjå ulike løysingar til beste for deltakar

Har gode samarbeidsevner

Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø

Har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk

For oss er det viktig å ha rett person på rett plass. Personlege eigenskapar vert difor tillagde stor vekt. Har du lyst til å prøve noko nytt og utfordrande, så er kanskje du den vi leitar etter.

Arbeidsoppgaver

Som rådgjevar i Movia vil du få ansvaret for å hjelpe menneske med ulike utfordringar i, eller tilbake i arbeid. Dette inneberer å motivere, støtte og gje tett oppfølging til kvar enkelt tiltaksdeltakar i heile prosessen fram mot arbeid.

Under prosessen vil du ha eit tett samarbeid med Nav, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartar. Du må og vere aktiv i arbeidsmarknadane slik at du får innsikt i verksemdene sine behov og bygger tett relasjon til lokalt næringsliv.

Arbeidsoppgåver

Indivduelle rettleiing og kartleggingssamtaler med tiltaksdeltakar knytt til helse og arbeidsliv

Finne jobbmoglegheiter basert på deltakar sine interesser, styrker, kompetanse og ferdigheiter

Oppsøke aktuelle arbeidsgjevarar og bygge nettverk i lokalt næringsliv

Etablere god relasjon til tiltaksdeltakar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartar

Utarbeiding og oppfølging av individuelle planar, samt rapportar til Nav og deltakar

Vi tilbyr

Ein spennande, utfordrande og meiningsfull jobb

Vere ein del av eit større fagmiljø i Movia

Eit godt og triveleg arbeidsmiljø

Høve til å bruke eigne erfaringar, kunnskap og interesser

Løn etter avtale

God pensjonsordning

Om arbeidsgiveren: Movia er ein viktig samfunnsaktør, og leverer arbeids- og inkluderingstenester i Nordfjord. Movia skal hjelpe menneske med ulike utfordringar i og utanfor arbeidslivet. Vi er lokaliserte på Sandane, Nordfjordeid og i Stryn, og har til ei kvar tid ca. 150 personar inne på ulike arbeidsretta tiltak.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing