Barnehagelærer 100% vikariat Årøyhaugen barnehage
ÅRØYHAUGEN BARNEHAGE · Møre og Romsdal, Norway
About The Role
Årøyhaugen barnehage har ledig 100 % vikariat for barnehagelærar i perioden 01.10.26-31.07.27 Årøyhaugen barnehage ligg på Sjøholt i Ålesund kommune. Med allsidig natur på alle kanter og nærhet til skule, bibliotek og idrettshall. Årøyhaugen er organisert i felles verksemd med fem andre barnehager.
Arbeidsoppgåver Barnehagelærar har medansvar for å iverksette og lede det pedagogiske arbeidet på si avdeling i tråd med aktuelt lovverk.
Barnehagelærar har medansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet i si barnegruppe eller innafor dei områda ein blir sett til Kvalifikasjonar For stilling som barnehagelærar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. For å bli fast eller midlertidig tilsett som barnehagelærar, må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar kunne dokumentere sine norskferdigheiter (jf. barnehageloven § 28). Søkjar skal legge resultat av språktest saman med søknad og CV God IT-kunnskap og forståing.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
På grunn av samansetning i personalgruppa vert menn oppfordra til å søke.
Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av ny dato. Personlege eigenskapar Vi søker deg som
Har solid kunnskap om barns utvikling og behov
Er opptatt av barns rett til medverknad og involvering
Evner å bidra positivt i ein levande og lærande organisasjon
Har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter
Trivest i ein aktiv kvardag med barn.
Er ein lagspelar.
Er tydeleg, klok og omsorgsfull i relasjon til andre.
Er positiv, initiativrik, engasjert, fleksibel og løysingsorientert.
Kan arbeide etter Ålesund kommune sine kjerneverdiar: Open, Engasjert og Modig.
Personlige egenskaper vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Eit utviklingsorientert og fagleg stimulerande miljø
Løn etter gjeldande tariff
God pensjonsordning KontaktinformasjonJanne Aamelfot, Verksemdsleiar, +47 958 75 569
ArbeidsstadÅrøyvegen 12
6240 Ørskog
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5161295756
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 23.08.2026
Om arbeidsgiveren: Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere
Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter.
Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
