Tilkallingsvikar innan psykisk helse og rus
GOL KOMMUNE PSYKISK HELSE · Buskerud, Norway
About The Role
Vi søkjer engasjerte tilkallingsvikarar som ønskjer å vere med og levere gode tenester til brukarane våre og bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø. Miljøtenesta innan psykisk helse arbeider for å styrkje meistring i kvardagen gjennom tilrettelegging, praktisk støtte og rettleiing. Dette kan mellom anna omfatte hjelp til å etablere gode rutinar, økonomisk rettleiing, stimulering til aktivitet og deltaking i sosiale nettverk. Tenesta arbeider etter vedtak fatta av tildelingskontoret i kommunen. Vi søkjer tilkallingsvikarar som i hovudsak kan arbeide natt, men som også kan ta vakter på dag- og kveldstid ved behov. Arbeidsoppgåver: oppfølging og bistand til brukarane våre i tråd med vedtak og individuelle behov strukturert miljøterapeutisk arbeid praktisk bistand, sosial trening, samtalar og liknande oppgåver samarbeid med pårørande, verjer og andre samarbeidspartnarar Kvalifikasjonar: det er ønskjeleg med helsefagleg bakgrunn, anten fagbrev eller høgare utdanning, men dette er ikkje eit krav erfaring frå liknande arbeid er ein fordel førarkort klasse B Vi ser etter deg som: har interesse for fagfelta psykisk helse og rus ønskjer å gjere ein positiv forskjell for menneske som nyttar tenestene våre har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner er god til å byggje relasjonar har evne til refleksjon og fagleg vurdering kan arbeide sjølvstendig, men trivst også med å samarbeide i team er fleksibel og løysingsorientert Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr: eit godt og inkluderande arbeidsmiljø eit solid fagmiljø med dyktige kollegaer varierte, utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver løn etter gjeldande avtaleverk Slik søkjer du:
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
Alle søkjarar vil få stadfesting på at søknaden er motteken, dersom rett e-postadresse er registrert i søknaden. Søknadsfrist: 31.08.26 Velkomen som søkjar! Vi ser fram til å høyre frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Gol kommune er eit knutepunkt i Hallingdal og husar heile 4700 innbyggarar. Her satsar vi på innbyggarane våre gjennom utdanning, innovasjon og forsking. Universitetet i Sørøst-Noreg etablerer derfor eit Campus Hallingdal på Gol i 2024. Gol er svært inkluderande og familievennleg. Vi har ei rekke barnehager og ny 1–10 skole. I tillegg har vi variert studietilbod med vidaregåande skole, folkehøgskole og vaksenopplæring. Kommunen har òg god barnehagedekning og laupande barnehageopptak. Vi kan tilby svært gode forhold for ei aktiv fritid, enten det er friluftsliv, kultur eller sport. Her finn du endelaust med ski- og sykkelløyper i umiddelbar nærleik. Kommunen ligg sentralt til i landet med korte avstandar til både Oslo og Bergen via Bergensbanen.
This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
JobSpring