Skip to content
← Back to job listings

Fast stilling - LIS3 Nevrologi

HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS · Vestland, Norway

External listingfull-time12 days ago

About The Role

Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering (ANRR) ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS3 Nevrologi. Fast stilling LIS3 (100%) frå 05.10.2026, eller etter avtale

Om seksjonen

Legane i seksjonen er organisert under Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering (ANRR). Hovudoppgåva er å yte spesialisthelseteneste til pasientar med nevrologiske sjukdomar. Avdelinga har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi, EEG-laboratorium. Vi har også fagsjukepleiarar innan epilepsi, parkinsons sjukdom, slag, hjernekreft og MS. Nevrologisk avdeling i Helse Førde har fagavtale med nevrologisk og nevrokirurgisk avdeling ved Haukeland Universitetssykehus for delar av spesialiseringsforløpet. Utdanningsplan for LIS3 i Nevrologi i Helse Førde finn du her: Utdanningsplan

Eit fagmiljø i utvikling

Helse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi har ein ny og moderne sengepost med einerom til alle pasientar og gode arbeidsforhold for tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av både tenestene og organiseringa. Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og samarbeid på tvers av faggrupper og avdelingar. Alle LIS i Helse Førde har tilbud om gruppeveiledning på tvers av avdelingar. Vestlandslegen

Helse Førde er del av satsinga Vestlandslegen, der medisinstudentar frå universitetet i Bergen skal ha dei siste 3 år av utdanninga desentralisert ved Helse Førde. Dei første studentane kjem til Førde hausten 2028. For LIS3 gir dette på sikt moglegheit for deltaking i undervisning og fagleg utviklingsarbeid, i eit miljø med tett klinisk oppfølging og brei pasientkontakt. Les meir her: Vestlandslegen Vi ser fram til å motta søknaden din!

Arbeidsoppgåver LIS3 følgjer i utgangspunktet 7-delt vaktordning, med friveke kvar 7. veke. Tilstadesvakt (sjå gjerne utfyllande informasjon i utdanningsplan - lenkje ovanfor). Diagnostisere og behandle pasientar med nevrologiske tilstandar, både i akutt- og elektiv verksemd. Delta i tverrfagleg samarbeid med andre einingar og faggrupper. Bidra til fagleg utvikling og undervisning. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege Fullført LIS1

Relevant sjukehuserfaring og kjennskap til DIPS og MEONA er ønskjeleg Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Motivert, lærevillig og fagleg interessert

Bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø

Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik

Vi tilbyr Ein spennande og utfordrande jobb Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Rekrutteringstillegg kr 25.000,- Gode pensjons- og forsikringsordningar Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonElin Seim, Seksjonsleiar, (+47) 476 20 880

ArbeidsstedSvanehaugvegen 2

  • 6812 Førde
  • Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
  • Referansenr.: 5165043429
  • Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 05.10.2026

Søknadsfrist: 30.08.2026

Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing