Erfaringskonsulent
HELSE FØRDE HF NORDFJORD PSYKIATRISENTER · Vestland, Norway
About The Role
Seksjon dag ved Nordfjord psykiatrisenter har ledig 50% fast stilling for å oppretthalde pasientperspektivet i tenesta vår. Psykiatrisenteret består av tre seksjonar: rus, døgn og dag. Seksjon Dag tilbyr poliklinisk behandling til menneske med utfordringar relatert til psykisk uhelse og rus.
I Seksjon Dag inngår blant anna eit FACT-team som jobbar oppsøkjande og fleksibelt for å hjelpe dei pasientane som treng tettast og mest tverrfagleg oppfølging. For å kunne gje eit breitt tilbod, legg vi vekt på å ha tilsette med ulik formell kompetanse og erfaring. Vi har til no hatt gode erfaringar med å ha erfaringskompetanse som ein del av fagmiljøet.
Arbeidsoppgåver Styrke pasientperspektivet og pasientmedverknaden i Seksjon dag og ved Nordfjord psykiatrisenter. Hovudsakleg direkte pasientretta arbeid i FACT-team og i poliklinikken ellers, men også deltaking i systematisk utvikling av tenestene. Representere erfaringskunnskapen i det tverrfaglege teamet.
Motivere pasientar til å ta eigarskap til sin betringsprosess og styrke recoveryfokuset i tenesta.
Pårørandeinvolvering og støtte. Samarbeid og samhandling med kommunehelsetenesta, NAV og andre tenesteytarar.
Arbeidstida er på dagtid på kvardagar.
Kvalifikasjonar Du har fullført høgare yrkesfagleg utdanning for erfaringskonsulentar. Du har hatt utfordringar med psykisk uhelse og fått dag- og døgnbehandling i spesialisthelsetenesta for dette. Du kan nytte eigne erfaringer frå psykisk uhelse, samt behandling og betring frå denne, til å hjelpe andre menneske. Du beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg. Du har førarkort klasse B. Du er personleg eigna til arbeidet. Personlege eigenskapar Du er open og kan bruke deg sjølv og dine personlege erfaringar i arbeidet, men har samstundes eit breitt perspektiv på kva som skal til for å få til tilfrisking.
Du har evne til å byggje relasjonar til andre. Du har god rolleforståing, evne til refleksjon, og til å arbeide målretta over tid.
Du kan samarbeide godt med andre, og ønskjer å utvikle deg fagleg.
Du kan kommunisere tydeleg, og er trygg nok til å målbere ditt perspektiv. Vi tilbyr Vekentleg rettleiing frå næraste leiar Deltaking i nettverk saman med andre erfaringskonsulsentar Opplæring i FACT-modellen og tilrettelegging for eventuelt KBT-utdanning Kollegaer med høgt fagleg nivå Triveleg arbeidsmiljø Fagleg og personleg utvikling og høve til å ta relevant etter- og vidareutdanning Løn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonBørre Taklo, Seksjonsleiar, +47 91314965 - 90736303
ArbeidsstadSjukehusvegen 9
6770 Nordfjordeid
- Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde
- Referansenr.: 5162342789
- Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026
Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
