Skip to content
← Back to job listings

Helgevakt på C1 Bjørgvin DPS i 14% stilling

HELSE BERGEN HF BJØRGVIN DPS DØGNBEHANDLING TERTNES · Vestland, Norway

External listingfull-time12 days ago

About The Role

Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS) er ein moderne og veldriven klinikk i Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken gir spesialisthelsetenester til bydelane Åsane og Arna i Bergen, Osterøy kommune og kommunane i Nordhordland. Seksjon C1 på Tertnes er ein allmennpsykiatrisk døgnseksjon med 15 sengeplassar, fordelt på 5- og 7-døgnstilbod. Vi behandlar vaksne pasientar med ulike psykiske lidingar og har eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på gode pasientforløp, samarbeid og fagleg utvikling.

Vi søker no to helgevakter i 14% stilling

Éi fast stilling med oppstart 1. november 2026

Eit vikariat ut 2026, med moglegheit for forlenging, og oppstart snarast mogleg

Stillingane inneber per i dag arbeid kvar tredje helg.

Dette kan vere ei svært ettertraktet stilling for deg som er student innan helse- og sosialfag og ønsker relevant arbeidserfaring frå psykisk helsevern. Som helgevakt blir du ein del av det faste miljøet i seksjonen og arbeider saman med erfarne kollegaer frå ulike faggrupper. Det er gode moglegheiter for ekstravakter utover den faste stillingsprosenten, både på vekedagar, i helger, feriar og høgtider. Det vil også vere gode moglegheiter for sommarjobb hos oss sommaren 2027.

Arbeidsoppgåver Oppfølging av pasientar i det daglege miljøet

Bidra til tryggleik, struktur og aktivitet i seksjonen

Samarbeid med kollegaer og ulike faggrupper

Praktiske oppgåver knytt til den daglege drifta av seksjonen Kvalifikasjonar Interesse for å jobbe med menneske

Gjerne student innan helsefag

Moglegheit for å jobbe ekstra i feriar og høgtider

Må meistre Norsk både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Er engasjert, positiv og interessert i menneske

Er påliteleg og pliktoppfyllande

Trivst med å arbeide i team

Er trygg og roleg i møte med ulike menneske og situasjonar

Bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Er fleksibel og lærevillig Vi tilbyr Ein spennande og variert arbeidsplass innan psykisk helsevern

Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

Opplæring og samarbeid med erfarne kollegaer

Relevant erfaring for studentar innan helse- og sosialfag

Arbeid per i dag kvar tredje helg

Gode moglegheiter for ekstravakter utover fast turnus

Gode moglegheiter for arbeid i feriar og høgtider

Gode moglegheiter for sommarjobb sommaren 2027

Lønn etter gjeldande tariffavtale

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonJulie Silver, Ass Seksjonsleiar, 55957118, <[email hidden]>

Øyvind Thomassen, Seksjonsleiar, 55957120, <[email hidden]>

ArbeidsstadTertnesveien 37

5113 Tertnes

  • Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
  • Referansenr.: 5164672329
  • Stillingsprosent: 14%

Fast, Vikariat

Startdato: 01.09.2026

Sluttdato: 31.12.2026

Søknadsfrist: 31.08.2026

Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på <www.helse-bergen.no> eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing