Skip to content
← Back to job listings

Glad i barn og leik, uteliv og omsorg?

BJØRGAMARKA BARNEHAGE · Vestland, Norway

External listingtemporary11 days ago

About The Role

Ledig stilling som barne- og ungdomsarbeidar/assistent i 80% stilling. Stillinga er eit vikariat frå dags dato til ca. april 2027, men moglegheit for forlenging. Bjørgmarka barnehage er ein treavdelingsbarnehage som ligg om lag 8 km frå sentrum, retning Granvin. Me er ein barnehagen som er oppteken av å skape gode og trygge dagar for borna. Leik og gode leikemiljø står sentralt i arbeidet vårt og me samarbeidar mykje på tvers av avdelingane.

Me er mykje ute og nyttar Skogslottet i den flotte Eventyrskogen vår. Her får borna utforske, leike og oppleve natturen gjennom ulike årstider. Eit godt arbeismiljø er viktig for oss. Me ønskjer at alle tilsette skal kjenne seg trygge, verdsette og som ein viktig del av fellesskapet. Me legg vekt på godt samarbeid, open kommunikasjon, humor og trivsel i kvardagen. For oss handlar eit godt arbeidsmiljø om å ta vare på kvarandre, spele kvarndre gode og saman skape ein arbeidsplass der det er godt å vere. I år har me eit kommunalt satnisområde saman med di andre Vossabarnehagane, med fokus på lesing. Me les bøker kvar dag og ønskjer å skape gode leseopplevingar, språkglede og leselyst hjå borna.

Me ynskjer oss ein medarbeidar som vil vera med på bidra til både eit godt barnehagtilbod for borna og eit trygt og inklderande arbeidmiljø for dei tilsette.

Voss herad tilbyr: Rekrutteringstillegg kr 20 000 for søkjarar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget som får 100 % stilling i Hauge, Tueteigen, Evanger og Bolstad barnehage. Endrar du tenestestad til anna barnehage enn Hauge, Tueteigen, Evanger og Bolstad fylgjer ikkje rekrutteringstillegg med. Gode vilkår for fagleg utvikling Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø Yrkesskade- og gruppelivsforsikring Gode pensjonsordningar Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (<easycruit.com>) Kvalifikasjonskrav: Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Andre søkjarar med relevant erfaring vil også bli vurdert. Arbeidsoppgåver: Planlegga og gjennomføra leikar og aktivitetar Delta ved daglege gjeremål som måltid, påkleding og stell Vera ein god og varm vaksen og bidra til at barn får rike og varierte opplevingar, erfaringar og utfordringar i barnehagen Me ynskjer at Du er ein tydleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg Du har fokus på det beste for barna, er samarbeidsvillig og kan jobba sjølvstendig Du skapar gode og nære relasjonar med barn, foreldre og tilsette Du er utviklingsorientert, engasjert, fleksibel, og løysingsorientert Du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar Menn blir oppmoda om å søkja Godkjent politiattest må leggjast fram ved oppstart

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden

Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.

Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.

Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing