Skip to content
← Back to job listings

Fastlegar

HELSEBANKEN LEGEKONTOR ANS · Vestland, Norway

External listingfull-time6 days ago

About The Role

Vil du bli ein del av vårt fagmiljø? Kvam herad søkjer etter to fastlegar ved Helsebanken legekontor i Øystese frå snarast. Me har også ledig eit 6 månaders vikariat ved Norheimsund legekontor frå mars 2027 i samband med at ein av legane skal gjennomføra sjukehusteneste. Som fastlege i Kvam blir du ein del av eit kollegium på 11 fastlegar. Du får høve til å følgja pasientane dine over tid, du møter folk i alle aldrar, frå alle samfunnslag og i alle fasar av livet. Fastlegen er viktigare enn nokon gong i den kommunale helse og omsorgstenesta, og for samhandlinga med alle deler av helsetenesta.

Helsebanken legekontor ANS ligg i Øystese og er ein veldriven 6-legepraksis i moderne lokale i Hardangerbadet. Alle legane ved kontoret er spesialistar i allmennmedisin, og du vert ein del av eit sterkt fagleg og sosialt fellesskap. Norheimsund legekontor ligg sentralt i Norheimsund og er eit kommunalt legekontor med 5 legestillingar - både avtalar om næringsdrift og fastlønn med insentivordning.

Arbeidsoppgåver Kurativt legearbeid i fastlegeordninga

Dei to listene i Helsebanken har pr idag hhv. 750 og 900 pasientar. Vikariatet ved Norheimsund legekontor gjeld ei liste med 600 pasientar. Deltaking i legevakt

Fastlegane i Kvam deltek i kommunal legevaktsordning. Arbeid på legevakt er fastlønna. Kvam legevakt disponerer to velutstyrte legevaktsbilar for legane, også på dagtid. Fastlegekontora har daglegevaktfunksjon mellom kl 08.00 og 15.30.

Arbeid på legevakt kjem i tillegg til fastlegearbeidet. Legevakt er heimevakt med faste tidspunkt der legen skal vera til stades på legevaktstasjonen i Norheimsund. Det er inngått lokal særavtale. Andre aktuelle oppgåver: Rettleiing av legar i utdanningsstillingar og/eller studentar Kommunen har behov for fastlegar til lovpålagde kommunale allmennlegeoppgåver og ynskjer å sørga for ei jamn fordeling av slike oppgåver mellom alle fastlegane. Me ynskjer å inngå avtalar om dette, men viser også til fastlegeforskrifta § 12 om at fastlege i fulltidspraksis kan verta pålagt å delta inntil 7,5 timer per veke i andre allmennlegeoppgåver i kommunen. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege (opplys om HPR-nummer ) Godkjent turnusteneste Spesialistgodkjenning i allmennmedisin er ynskjeleg Gode fagkunnskapar og ferdigheiter Legen må kunne ta del i interkommunal og kommunal legevakt Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg Førarkort klasse B, gjerne kode160 Politiattest er krav ved tilsetting, men skal ikkje sendast ved søknaden

Personlege eigenskapar Me søkjer deg som: Er triveleg og omgjengeleg, og ein god samarbeidspartner i kollegiet Har engasjement for allmennmedisin, og ønskjer å bidra til å utvikle fastlegeordninga i Kvam Trivst med akuttmedisin og legevakt Har god kunnskap om faglege retningslinjer, og utfører arbeidet i tråd med desse Møter pasientar på ein respektfull måte, og kommuniserer godt med pasientar

Om driftsformer Ønskjer du fastlønn eller næringsdrift? Kommunen er open for ulike driftsformer i det kommunale legekontoret: Næringsdrift Fastlønnsavtale med insentivordning (20% av refusjonsinntekter og eigenandelar) Legar som ønskjer fastlønn under spesialiseringsløpet kan, om dei ønskjer, inngå avtale om næringsdrift ved fullført spesialisering.

Kommunen er godkjend som utdanningsverksemd, og vil organisera spesialiseringsløp i allmennmedisin (ALIS) for søkjarar som ikkje allereie er spesialist.

Som næringsdrivande lyt ein kjøpe andel av inventar/utstyr/maskinpark. Helsebanken ynskjer primært legar i næringsdrift, men det kan også opnast for vikariat med fastløn. Det er ikkje krav til å betaling for "goodwill"/verdi av opparbeida praksis ved overdraging av liste i næringsdrift.

Legekontora nyttar journalsystemet Webmed. Kontoret er tilknytt Norsk Helsenett, og nyttar e-resept og elektronisk kommunikasjon med andre kommunale helse og omsorgstenester og spesialisthelsetenesta. Bruk av e-konsultasjon, e-kontakt og timebestilling via digital dialog med fastlege på <helsenorge.no>.

me har godt utstyrt laboratorium, EKG, spirometri og 24 timars-blodtrykksmåling. Ultralydapparat tilgjengeleg. Kontora har interne fagmøter/smågruppemøter kvar veke. Ta gjerne kontakt med våre kontaktpersonar Ingunn, Ramona eller Ragnar som kan fortelja meir om korleis det er å jobba som fastlege i Kvam!

Om kommunen vår Kvam herad har om lag 8500 innbyggjarar. Kommunen strekkjer seg langs vestsida av Hardangerfjorden. Det er godt kollektivtilbod til Bergen. Reisetid til Bergen sentrum er 1 time og 15 minutt. Her kan du lesa meir om korleis det er å flytta til Kvam: <https://www.kvam.no/velkomen-til-kvam/dragning-til-kvam/> Kommunen har ei velfungerande helse- og omsorgsteneste, med institusjonar innan heildøgns omsorg og pleie fleire stader i kommunen. Kommunen har legekontor i Øystese og Norheimsund, og utekontor i Strandebarm. Ved Kvam behandlings- og rehabiliteringsavdeling har kommunen eiga KAD-seng, og tek i mot pasientar frå sjukehus for rehabilitering og ferdigbehandling. Kommunen satsar på heimetenestene, og i tråd med "Bu trygt heime"-reforma vil kommunen leggje til rette for at eldre skal bu heime lengst mogeleg. Fastlegen er viktig i dette arbeidet.

Kvam herad har tilsett kommunepsykolog for vaksne og kommunepsykolog for barn og unge. Me har dyktige tilsette i rus- og psykiatriteneste. Kommunen har eiga barnevernteneste, PP-teneste, og familiesenter for rådgjeving av familiar. Kommunen har saman med fleire kommunar eit samarbeid om tilsette ernæringsfysiologar. Det er fleire fysioterapiinstitutt i kommunen. Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonIngunn Kråkevik, Konstituert leiar for legetenesta og tenester til heimebuande, +47 459 77 148

Ragnar Hansen, tillitsvald DNLF, 990 03 131

Ramona Gjøsæter Myklebust, Tillitsvalt Dnlf, 41631558

ArbeidsstadSandvenvegen 35

5600 Norheimsund

  • Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad
  • Referansenr.: 5156526193
  • Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikar

Startdato: 01.03.2027

Sluttdato: 31.08.2027

Søknadsfrist: 06.09.2026

Om arbeidsgiveren: Oppdag Kvam - framtida er her!

Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar

Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida

Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.

Eit variert næringsliv

Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing