Skip to content
← Back to job listings

Badevakt i Gol symjehall

GOL KOMMUNE KULTURAVDELINGA · Buskerud, Norway

External listingfull-time14 days ago

About The Role

Har du lyst på jobb som badevakt? Gol kommune søkjer badevakt til Gol symjehall frå september 2026 i ein 12% stilling. Gol symjehall er ein viktig møteplass for innbyggjarar og tilreisande frå heile Hallingdal. Kvart år har vi om lag 3 500 besøkande, mellom anna familiar, mosjonistar og andre badegjester. Anlegget har eit 25 x 12,5 meter stort basseng med fem banar, stupeanlegg og badstover. Det er alltid to tilsette på jobb når symjehallen er open. Arbeidsoppgåver Sal av billettar og kundeservice Badevakt og tilsyn i symjehallen Tilsyn med garderobar, dusjar og badstover Bidra til eit trygt og triveleg miljø for alle besøkande Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som: er ein trygg og dyktig symjar er fylt 17 år kan kommunisere godt på norsk er ansvarsfull og serviceinnstilt Opplæring i livberging vil bli gitt. Det er krav om at du består livbergingsprøva. Arbeidstid

Arbeidstida er: tysdagar og torsdagar kl. 17.00-21.00 i perioden oktober til april kjem det i tillegg laurdagsvakter kl. 11.00-15.00 Vi tilbyr eit triveleg arbeidsmiljø meiningsfulle arbeidsoppgåver med ansvar for tryggleik og service opplæring og oppfølging i rolla som badevakt Har du interesse for symjing og ønskjer ein variert deltidsjobb? Då vil vi gjerne høyre frå deg! ????

Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Gol er utdannings- og handelsknutepunkt i Hallingdal og husar ca. 5 000 innbyggarar. Universitetet i Sørøst-Noreg etablerer eit Campus Hallingdal på Gol i 2024. Vi satsar på utdanning, innovasjon og forsking. Golnøklane, samskaping, innbyggardialog og berekraft låser opp det ”Gode liv på Gol” for våre besøkande og fastbuande. Vi kan tilby svært gode forhold for ei aktiv fritid, anten det er friluftsliv eller kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol ligg midt imellom aust og vest med kort veg til både Oslo og Bergen. Det er Bergensbanen som bind oss saman med Noregs to største byar. Kommunen er inkluderande og familievennleg. Vi har både ny 1–10 skole og ny idrettshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod med både vidaregåande skule, folkehøgskule og snart eit universitet.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing