Skip to content
← Back to job listings

Prosjektleiarar

LINJA AS AVD FLORØ · Vestland, Norway

External listingfull-time4 days ago

About The Role

Prosjektleiarar - med arbeidsstad i Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal

Som prosjektleiar i Linja, vil du: Leie større prosjekt på både distribusjonsnett og regionalnett Planlegge prosjekt og sikre god gjennomføring frå start til slutt Samarbeide tett med og leie dedikerte team Bestilling og oppfølging av prosjektaktivitetar Ansvar for helse, miljø og sikkerheit i prosjekta Dine kvalifikasjonar: Bachelorgrad eller teknisk fagskule innan elkraft eller fornybar energi Erfaring med bygging og drift av kraftnett er ein fordel, men ikkje eit krav Kandidatar i sluttfasen av utdanning blir oppmoda til å søke Fleksibilitet, initiativ og gode samarbeidsevner er viktige eigenskapar Vi tilbyr deg: Sterkt fagleg fellesskap Varierte og utviklande oppgåver Konkurransedyktig løn og vilkår Gode forsikringar og pensjonsvilkår Fleksible ordningar for arbeidstid og høve til heimekontor Avdelinga sitt ingeniørmiljø er knytt til våre kontor i Dragsund, Florø, Måløy, Nordfjordeid, Sandane, Stranda, Stryn og Ålesund. Vi legg til rette for at du kan ha oppmøteplass på ein av desse lokasjonane.

Samfunnet krev stadig meir av straumnettet. I denne stillinga får du vere med å utvikle og styrke denne kritiske infrastrukturen som er avgjerande for samfunnsutvikling og verdiskaping.

Søknadsfrist: 23. august 2026. Vi vurderer søknader fortløpande, og oppmodar interesserte kandidatar til å søke snarast.

Vil du bli med å utvikle straumnettet for framtida? Vi gler oss til å lese søknaden din! Ta kontakt om du har spørsmål om stillinga.

Elektronisk søknad skal benyttes via "søk på stilling" knappen på siden.

Vi gjennomfører bakgrunnssjekk for mellom anna å verifisere opplysningar i CV og annan dokumentasjon. Bakgrunnssjekken blir utført av Semac etter at kandidaten er orientert om dette og har gitt sitt samtykke.

Kontaktpersoner

  • Gunnar Vassbotten Avdelingsleiar Plan/Investering/Inntak90633858 <[email hidden]> Ranveig Leine HR-leiar97153013 <[email hidden]>
  • Om arbeidsgiveren: null

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing