Barne- og ungdomsarbeidar/assistent i SFO
EIDSDAL SKULE SFO · Møre og Romsdal, Norway
About The Role
Eidsdal SFO har ledig inntil 30 prosent fast stilling på Eidsdal SFO. Vi søkar etter barne- og ungdomsarbeidar/assistent Opningstidane på SFO er fordelt slik: Måndag, tirsdag, torsdag og fredag - 07:00 - 08:30 og 14:00 - 16:30 Onsdag - 07:00 - 16:30 Torsdag (partalsveker) - 07:00 - 16:30 Skuleferiar - 07:00 - 16:30 Det vil vere to tilsette i stillinga på SFO og det lysast no ut, etter ein person som er villig til å ta ettermiddagsvakta frå måndag - fredag. Noko meir når skulen er feriestengt. Vil du lese meir om skulen vår kan du gå inn på heimesida vår ved å trykke på linken: Barnehage og skule - Fjord kommune Aktuelle kandidater kan verte kalla inn til intervju
Arbeidsoppgåver Leggje til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Gje barna omsorg og tilsyn. Kvalifikasjonar Barne- og ungdomsarbeidar (primært) Ufaglærte har og høve til å søkje på stillinga Må kunne norsk godt munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som målform. Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding Personlege eigenskaparI arbeid med barn og unge treng vi personar som er ein trygg og god vaksen. Du må vere tålmodig, nysgjerrig og lærevillig i samspelet med barna. Det er viktig at du kan arbeide sjølvstendig, viser initiativ og ikkje lar seg stresse i hektiske og uoversiktlege situasjonar. I tillegg til godt samspel med barn og unge er det også viktig at du skapar gode relasjonar til kollega og foreldre. Vi tilbyr Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette Løn i samsvar med avtaleverk Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot KontaktinformasjonTor Petersen, Rektor Eidsdal skule, +47 41867861
ArbeidsstadLangereiten 23
6215 EIDSDAL
- Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommune
- Referansenr.: 5159554068
- Stillingsprosent: 25%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 14.08.2026
Om arbeidsgiveren: Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via <opplevfjord.no>
This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
JobSpring