Skip to content
← Back to job listings

Vi søker einingsleiar for institusjon, bu- og habiliteringstenester

AUKRA KOMMUNE SENTRALE ORGANER · Møre og Romsdal, Norway

External listingfull-timeabout 2 months ago

About The Role

Vil du vere med og utvikle framtidas helse- og omsorgstenester i Aukra kommune? Vi søkjer ein engasjert og utviklingsorientert einingsleiar for Institusjon, bu- og habiliteringstenester. Aukra kommune står framfor eit spennande og omfattande utviklingsarbeid med å forme framtidas helse- og omsorgstenester fram mot 2040. Vi søkjer derfor ein leiar som ønskjer å bidra til utvikling av berekraftige, framtidsretta og brukarorienterte tenester. Eininga har ansvar for å tilby trygge, omsorgsfulle og fagleg gode tenester til innbyggjarane gjennom heile livet. Verksemda omfattar institusjon, bu- og habiliteringstenester, med fagmiljø som arbeider for å fremje helse, meistring og livskvalitet. Eininga er ein del av sektor for helse og omsorg. Som einingsleiar får du eit overordna ansvar for drift, økonomi, fagutvikling og personal. Du leier to avdelingsleiarar og har ei sentral rolle i utviklinga av framtidas helse- og omsorgstenester i kommunen. Du blir ein del av kommunalsjefen si leiargruppe. Krav til søkar Aukra kommune søkjer ein einingsleiar med erfaring frå pleie- og omsorgstenester i kommunal sektor, og med engasjement for utvikling av gode og brukarorienterte tenester. Vi ønskjer ein leiar som kan samarbeide på tvers av fagområde, kommuniserer tydeleg både internt og eksternt, og som er ein lagspelar. Du må vere ein målretta og strategisk leiar som arbeider til det beste for brukarane, organisasjonen og lokalsamfunnet. Relevant høgare utdanning og leiarerfaring er ønskeleg. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: er løysingsorientert, fleksibel og utviklingsorientert har evne til å inspirere og motivere medarbeidarar og skape eit godt arbeidsmiljø er strukturert og arbeider målretta i tråd med kommunen sine overordna mål og planar er handlekraftig og har god gjennomføringsevne kommuniserer tydeleg og byggjer gode relasjonar internt og eksternt Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyr Deltaking i ei engasjert og aktiv tverrfagleg leiargruppe Ei spennande og utfordrande leiarstilling med stor moglegheit til å påverke utviklinga av framtidas helse- og omsorgstenester i Aukra kommune fram mot 2040 Moglegheit til å leie endrings- og utviklingsarbeid i ein kommune med høge ambisjonar for tenestene sine Gode pensjons- og forsikringsordningar Kommunale tilsettingsvilkår med løn etter avtale Stønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk Mangfald Aukra kommune fremjar mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi legg til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne. Prøvetid Gjensidig effektiv prøvetid på seks månader. Ved lengre fråvær kan utvida prøvetid vere aktuelt. Offentleg søkjarliste Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om unntak frå søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje kan takast til følgje. Søknad Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen «Søk på stilling». Søknadsfrist: 09.08.2026

Utlyst dato: 02.07.2026 Kontaktperson Silje Liepelt, kommunalsjef for helse og omsorg

Telefon: 918 22 250

Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Aukra Omsorgssenter er nytt og moderne, og vi flytta inn i 2018. Ein har teke i bruk det nyaste av velferdsteknologi, og nyttar det aktivt i tenesta i pleie og omsorg. Aukra Omsorgssenter har 30 plassar fordelt på lang- og korttidsplassar. I same bygget finn ein heimesjukepleie, dagsenter for eldre og 20 heildøgns omsorgsbustader. Institusjon og heimesjukepleie har tett samarbeid om brukarane. Sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleie i turnus driftar legevaktsatelitt ilag utover vanleg kontortid. Det er felles nattevakter i institusjon og hos heimebuande.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing