Skip to content
← Back to job listings

Helsefagarbeidar 100%

TOKKE KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON · Telemark, Norway

External listingfull-timeabout 1 month ago

About The Role

Åheim bufellesskap ligg idyllisk til ved elva i Tokke kommune. Eininga yter tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar i alle aldrar, både til dei som bur i bufellesskapet og til heimebuande. Her jobbar det vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar i årsturnus med lange vakter. Me arbeider for at tenestemottakar skal ha eit meiningsfylt liv med moglegheitar til deltaking i samfunnet på lik linje med andre.

Me har også eit dagsenter/tilrettelagt arbeidsplass som heiter BABU. Motto vårt er; "Me sprer gleder". Der arbeider me med ulike oppgåver som henting og sortering av tomgods, vedproduksjon, vedlikehald av grøntareal, ulike tenestar for kommunen og prosjekt for å spreie gleder i bygda.

Arbeidsoppgåver- Praktisk bistand, miljøarbeid, opplæring og rettleiing til tenestemottakar i samsvar med vedtak, lovverk og tiltak

  • Skape ein trygg og føreseieleg kvardag for tenestemottakar
  • Planlegge sjølvstendig og ta avgjersler
  • Følge opp planer, tiltak og IP
  • Dokumentere i journalsystem
  • Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre innstansarKvalifikasjonar- Offentleg godkjent helsefagarbeidar
  • Gode norskferdighetar, snakke, forstå og skrive norsk
  • Serviceinnstilt og fleksibel
  • Evne til samarbeid og ha fokus på løysingar
  • Bidra til innovasjon og utvikling innan helse og omsorg
  • Bidra til at eininga når sine målsettingar
  • Førarkort klasse BPersonlege eigenskapar- Positiv som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Har samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar som skaper tryggleik og gode relasjonar
  • Fleksibel og løysningsorientert
  • Arbeider sjølvstendig, er strukturert og engasjert
  • Kan ivareta menneske og deira behov, samstundes som du kan opprette god struktur og fagleg perspektiv
  • Stabil arbeidstakar med god arbeidsmoralVi tilbyr - Eit godt arbeidsmiljø med gode arbeidskollegaer
  • Spanande og variert arbeidskvardag , med interessante arbeidsoppgåver
  • God opplæring
  • Godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
  • Gode kommunale arbeidsvilkår
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjonsordningar i KLP
  • Ein av Noregs finaste kommunar som arbeidsstad! Andre opplysningar: - Stillinga inneber arbeid i årsturnus med 12-timars vakter og arbeid kvar 4.helg. Om du ynskjer ekstra helger i årsturnus vert dette kompansert med 1500,- pr vakt. Bilkøyring på tilrettelagt arbeidsplass og køyring av tenestemottakar til aktivitetar er ein del av arbeidsoppgåvene.
  • Dersom du får tilbod om stillinga, må du legge fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lovar, regelverk, avtaler og kommunale vedtak. Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. KontaktinformasjonMay Anette Brattestå Sollie, Avdelingsleiar, +47 48297251

ArbeidsstadIvirovegen 13

3880 Dalen

  • Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Tokke kommune
  • Referansenr.: 4969124535
  • Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 16.08.2026

Om arbeidsgiveren: Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing