Skip to content
← Back to job listings

100 % fast stilling som fagsjukepleiar

SKJÅK KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON · Innlandet, Norway

External listingfull-timeabout 1 month ago

About The Role

Vil du vere med å utvikle framtidas helse- og omsorgstenester i Skjåk? Vi søkjer ein engasjert fagsjukepleiar som vil bidra til kvalitet, kompetanse og gode pasientforløp – og vere ein viktig pådrivar i utviklinga av eit sterkt fagmiljø på tvers av heimetenesta og Skjåkheimen.

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid
  • Gode norskkunnskapar
  • Førarkort klasse B
  • Personlege eigenskapar
  • Engasjert i fag og utvikling
  • Sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner og ein positiv rollemodell for kollegaer
  • Har evne til å handtere ein variert og uforutsigbar arbeidskvardag
  • Ønskjer å bidra til utvikling av arbeids- og fagmiljøet

Arbeidsoppgaver

Stilling er nyoppretta og delt mellom Skjåkheimen og heimetenesta. Du får ei sentral rolle i å styrkje samhandling, utvikle fag og sikre gode pasientforløp og god ressursutnytting på tvers i tett samarbeid med avdelingsleiarar og tenesteleiar. Stillinga kombinerer klinisk arbeid med fagutvikling og administrative oppgåver og gir gode moglegheiter til å påverke og utvikle tenestene.

Arbeidstid er dagtid i vekedagane, samt arbeid kvar 5. eller 6. helg.

Arbeidsoppgåver

Medansvar for fag, kvalitet og kompetanseheving

Rettleie og støtte kollegaer og studentar

Bidra til fagutvikling, oppfølging av prosedyrar og internundervisning

Delta i tverrfagleg samarbeid og pasientoppfølging

Bidra til god samhandling mellom heimetenesta og institusjon

Vi tilbyr

Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale.

Pensjonsordning i KLP.

Om arbeidsgiveren: Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing