Skip to content
← Back to job listings

Ambulansearbeidar / paramedisinar

HELSE FONNA HF ODDA AMBULANSESTASJON · Vestland, Norway

External listingfull-timeabout 1 month ago

About The Role

🚑 Vil du ha ein fast jobb i ambulansetenesta og bli ein del av eit moderne og framtidsretta fagmiljø? Helse Fonna si ambulanseteneste består av 10 ambulansestasjonar og har eit sterkt fokus på fagleg utvikling, samarbeid og kvalitet i pasientbehandlinga. Hos oss får du arbeide i eit spennande og variert fagmiljø saman med dyktige og engasjerte kollegaer. Du blir ein del av ei teneste der kompetanseutvikling, læring og kontinuerleg forbetring står sentralt – og der du får vere med på å forme framtidas ambulanseteneste. 📍 Vi har no ledig fast stilling ved Odda og Kvinnherad ambulansestasjon. 💙 Vi ser etter deg som ønskjer ein meiningsfull jobb, trivst med ansvar og vil gjere ein forskjell for pasientane – kvar einaste dag. 👉 Kjenner du deg igjen? Då håpar vi å høyre frå deg! Send inn søknaden din i dag. Kva går jobben ut på? Behandling og transport av pasientar. Bidra til fagleg utvikling og halde ved lag og vidareutvikle eigen kompetanse. Opplæring og rettleiing av lærlingar, studentar og hospitantar. Jobbe på fleire ambulansestasjonar i føretaket ved behov. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Autorisasjon som ambulansearbeider eller paramedisiner Sertifikat kode 160 og C1. Dersom søkjar ikkje har C1 må det takast innan 6 månader etter oppstart. Bestått fysisk test. Grunnleggjande datakunnskapar. På grunn av beredskap, kan lokal tilhøyrighet verta vektlagt. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: Jobbar godt sjølvstendig når situasjonen krev det, og samtidig trivst i tett samarbeid med andre Bidreg til eit godt arbeidsmiljø ved å dele kunnskap og støtte kollegaene dine Kommuniserer tydeleg og møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt Tek initiativ, ser kva som må gjerast og bidreg der det trengst Har engasjement for faget og ønskjer å utvikle deg vidare Personlege eigenskapar blir vektlagt. Kvifor skal du velje oss? Ein fast jobb i ei teneste i utvikling Forutsigbar turnus og fast oppmøtestad Ein variert arbeidsdag på tvers av fleire ambulansestasjonar Bli ein del av eit sterkt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer Ein meiningsfull jobb der du får bruke kompetansen din i krevjande og varierte situasjonar Me kan tilby eit spennande arbeid i ei teneste i utvikling på ein stasjon med godt arbeidsmiljø. Dersom ynskje om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. KontaktinformasjonLars Gunnar Nilsen, Funksjonsleiar, 40209848 Frode Nygård, Funksjonsleiar, 99288068 ArbeidsstadAlbert Pettersons veg 3 5750 ODDA Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5154804278 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 21.09.2026 Søknadsfrist: 23.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her .

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing