Skip to content
← Back to job listings

Tilkallingsvikar Hjellbakkane barnehage

HJELLBAKKANE BARNEHAGE STI · Møre og Romsdal, Norway

External listingtemporaryabout 1 month ago

About The Role

Hjellbakkane barnehage søkjar etter tilkallingsvikarar.

Bli med å få verdas viktigaste verdiar til å vokse, i eit trygt fellesskap!!

Hjellbakkane barnehage har som mål at alle barn skal oppleve bevegelses glede og glede i samhandling med kvarandre og naturen kvar dag. Barna skal få gode opplevingar, og vi ynskjer at dei skal ta med seg gode vanar og erfaringar vidare i livet. Hjellbakkane barnehage flyttar heile barnehagen ut til ein anna lokasjon 5 veker i året (2 på hausten, 1 på vinteren og 2 på våren), so eit engasjement for friluftsliv og natur er nødvendig når ein er i vår barnehage.

Vi ynskjer tilkallingsvikarar som bidrar og gir av seg sjølv, som setter barnet i fokus, og vil vere med å skape gode og innhaldsrike kvardagar for barna.

Vi søkjer deg som kan tiltre raskt i stillinga og som oppfyller følgande kompetansekrav

  • Gode allmennkunnskapar.
  • Stor interresse for friluftsliv og natur.
  • Interesse for arbeid med barn.
  • Samarbeidsevne og fleksibilitet.
  • God kommunikasjonsevne.
  • Personlege eigenskapar
  • Hjarte for barn

Relasjonsorientert

  • Løysingsorientert og fleksibel
  • Stort engasjement og positiv haldning
  • Raus og tydeleg, leken og ambisiøs
  • Vi tilbyr
  • Attraktivt pedagogisk konsept (Skogsmulle pedagogikken)
  • Aktivt fagmiljø og engasjerte kollegaer
  • Godt arbeidsmiljø med fleire menn i barnehagen

Tariffavtale (PBL)

Politiattest må framleggas før tilsetting.

Om arbeidsgiveren: Hjellbakkane Barnehage Hjellbakkane barnehage er ein ideell privat barnehage tufta på ein natur- og friluftsprofil. Barnehagen vart opna i 1987, og er organisert i ei stifting med eigne vedtekter. Hjellbakkane barnehage er ei pedagogisk verksemd for barn frå 0 - 6 år. Drifta er forankra i barnehagelova med forskrifter, mellom anna rammeplan for barnehagen sitt ansvar og sine oppgåver.

"Hjellbakkane barnehage skal fremje fysisk aktivitet ute i naturen året rundt"

Vår visjon er

"Hjellbakkane barnehage, eit trygt fellesskap i samhandling med kvarandre og naturen" .

Gjennom å vere i samspel med naturen og kvarandre, ynskjer vi at barna i Hjellbakkane barnehage skal oppleve leik og meistring. Dei skal få høve til å undre seg over det som skjer i naturen i dei ulike årstidene, og dei skal få erfare korleis vi bygger glede og omtanke for miljøet og naturen rundt oss. Vi ynskjer at barna skal få gode opplevingar i naturen.

Vi har frå august 2026 37 barn og 11 faste ansatte fordelt på to basar.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing