Miljøarbeidar psykisk helse og rus
FYRESDAL KOMMUNE HELSE OG OMSORG · Telemark, Norway
About The Role
Vil du vere med å utvikle framtidas psykisk helse- og rustenester i Fyresdal kommune? Vi søker ein engasjert og fagleg sterk person til arbeid med utvikling av heilskaplege og kunnskapsbaserte lågterskeltenester for barn, unge vaksne og familiar med psykiske helseutfordringar og/eller rusrelaterte problem. Dette er ei 100 % stilling, men noko blir betala av prosjektmidlar, så på sikt kan arbeidsoppgåvene bli endra dersom tilskotsordningane fell bort. Fyresdal kommune jobbar no for å utvikle ei meir robust teneste innan psykisk helsearbeid og rus. Dette for å vere betre i stand til å møte
framtidas utfordringar. Med fokus på tverrfagleg samarbeid, førebyggande
arbeid, brukarmedverknad og lågterskeltilbod. Vi ynskjer at tenesteutviklinga skjer på målgruppas premissar og arenaer, med vekt på tidleg innsats, eigne ressursar og livsmeistring. Vi ynskjer å fremme auka deltaking i aktivitetar som betrar livskvalitet, meistring og som bidreg til eit aktiv og
meiningsfullt tilvære. På helsesenteret er helsetenestene samla og samarbeider tett til pasientens beste. Legekontoret er ein del av helsesenteret og ligg i sentrum av Fyresdal. Vi nyttar journalsystemet Infodoc og Profil. Det samla fagmiljøet består av kommuneoverlege, tre legar i Nordsjøturnus, LIS1-lege, sjukepleiarar, helsesekretær, sjukepleiar på helsestasjon, koordinator for førebyggjande arbeid, psykiatrisk sjukepleiar, to fysioterapeutar, ergoterapeut i 30 % (knytt til interkommunalt samarbeid med Nissedal kommune) og avdelingsleiar. Fyresdal tannklinikk held også til i same bygg. Jordmor og psykolog er knytt opp mot tenesta i form av interkommunale samarbeid.
Arbeidsoppgåver Etablering av lågterskeltilbod i samarbeid med målgruppene.
Oppsøkande verksemd Førebyggande arbeid retta mot barn, unge vaksne og familiar Samhandling med andre sektorar og avdelingar Delta i miljøterapeutiske tiltak individuelt og i grupper Tverrfagleg samarbeid og pårørandearbeid Vere støtteperson for målgruppene i høve til aktivitet Opplysningsarbeid Den som blir tilsett skal vere med å forme og utvikle stillinga ut frå brukarbehova.
Kvalifikasjonar I hovudsak søker vi ein person med brei erfaring innan fagfeltet og målgruppene - fag- eller høgskuleutdanning Erfaring frå arbeid med barn, ungdom og deira familiar er eit pluss Erfaring frå psykisk helse og rus er eit pluss God kjennskap til kommunale tenester og offentleg forvaltning Kunnskap om kunnskapsbasert praksis og implementering av tiltak God skriftleg og munnleg framstillingsevne Personlege eigenskapar Har brukar i fokus og engasjement for målgruppa Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og vere strukturert Handlekraftig, likar utfordringar, er fleksibel og nytenkande Evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning Løn etter avtale Barnehageplass frå dag ein i kommunen Den som blir tilsett må disponere eigen bil. Dette er i hovudsak ei dagtidsstilling med arbeidstid 37,5 t/veke. Ein må likevel pårekne noko ettermiddags-, kvelds- og helgearbeid. Ein kan om ynskjeleg også kombinere stillinga med helgearbeid; det finst fleire alternativ i sektoren. KontaktinformasjonJenny Kiland, Avdelingsleiar, +47 45228097
ArbeidsstedLandstadvegen 35
3870 Fyresdal
- Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fyresdal kommune
- Referansenr.: 5147186745
- Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2026
Om arbeidsgiveren: Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje . Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon – og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.
This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
JobSpring