Skal du bli bioingeniør og ønskjer jobb og stipend?
HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS · Rogaland, Norway
About The Role
Vil du kombinere studiene dine med en lærerik jobb - og få stipend samtidig? Hos oss får du ikkje berre ein jobb, men ei moglegheit til å lære mykje om korleis det er å jobbe som bioingeniør. Som bioingeniørstudent kan du søke om helge- og feriestilling ved eitt av våre sjukehus. Du får lønn, fagleg utvikling, og i tillegg eit stipend! Vi har laboratorium i Haugesund, Odda og på Stord, der du kan få relevant arbeidserfaring: På laboratoriet for medisinsk biokjemi og immunologi- og transfusjonsmedisin i Haugesund, samt på laboratoriet på Stord og Odda, kan du jobbe i feriar og helger. Ved laboratoriet for medisinsk mikrobiologi kan du arbeide på laurdagar og i feriar. På patologiavdelinga i Haugesund kan du jobbe i feriar. Les meir om alle fordelane vi tilbyr! I søknaden kan du skrive om du ønskjer å jobbe ved eit spesifikt laboratorium, eller sende ein open søknad. 👉Vi tilset kvalifiserte søkjarar fortløpande – søk no og bli med på laget! Kva går jobben ut på Prøvetaking av polikliniske og inneliggande pasientar Prøvehandtering og preanalytisk arbeid Pasientnær analysering Enkelt laboratoriearbeid Kva kompetanse er viktig i denne rolla Du er bioingeniørstudent Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Kva ser vi etter hos deg Hos oss er det viktig at du: er sjølvstendig trivest i ein travel kvardag og har høg arbeidsmoral samarbeider godt med andre og bidrar til eit godt arbeidsmiljø er strukturert er lærevillig og nysgjerrig Kvifor skal du velje oss Ein unik moglegheit til å praktisere faget ditt i eit trygt miljø der du er omgitt av dyktige fagpersonar døgnet rundt. Eit godt innblikk i spesialisthelsetenesta, noko som er nyttig uansett kor du vel å arbeide i framtida. Medverknad til at du får utvikle breidda i bioingeniørfaget i eit spennande, utviklande og dynamisk miljø. Vitnemålsportalen vi oppmodnar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen () for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at kokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Har du teke utdanning i utlandet, må godkjenning frå UDIR/NOKUT leggjast ved søknaden. Om du ikkje finn alle dei relevante vitnemåla dine i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. KontaktinformasjonRita Danielsen Tyse, Funksjonsleiar, +47 53491094 ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5087517351 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.12.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her .
This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
