Kultursjef
KINN KULTUR MÅLØY · Vestland, Norway
About The Role
Kinn kommune har høge ambisjonar om å vere ein tydeleg samfunnsutviklar og leverandør av gode tenester. For å gjere dette treng vi dyktige og motiverte leiarar og medarbeidarar. Kommunen sin samfunnsplan gir kultur ei sentral rolle i samfunnsutviklinga og i møte med nye omstillingskrav.
Det er no ledig fast stilling som kultursjef. Dette er ei leiarstilling innanfor eit felt der samfunnsutvikling, tenesteproduksjon, samarbeid med frivilligheita, næringsliv, kulturliv, innbyggjarar og internt i kommunen er det sentrale. Stillinga er organisert under kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø. Kulturområdet har i underkant av 30 årsverk, innan følgjande fagavdelingar: kulturskulen, ungdomsarbeid, bibliotek, kulturhusdrift, og frivilligheit. Fagområda er organisert med kvar sin avdelingsleiar/rektor. I tillegg kjem stabsarbeid/sakshandsaming/idrett. Det er bestemt at kulturskulen og kulturtenesta skal slås saman til ei teneste, leia av ein kultursjef. Den vedtekne samanslåinga av kulturtenesta og kulturskulen er meint å gje ei meir samordna og kraftfull satsing på kultur i kommunen. Samtidig skal ny organisering ivareta kulturskulen sitt mandat gjennom opplæringslova og kulturlova. Ny kultursjef vil få ansvaret for å sette i verk denne samanslåinga. Du kan velje kontorstad; Måløy eller Florø. Arbeidsstad er i heile vår flotte kommune. Uansett må du vere innstilt på å tilpasse arbeidskvardagen din, slik at du er der det er behov for dialog med innbyggarar/næringsliv/kulturliv og utøving av leiing. Som kultursjef vil du ha stort handlingsrom til å sette dagsorden for kulturområdet innanfor dei økonomiske og organisatoriske rammene for området.
Arbeidsoppgåver Leie kulturområdet med ansvar for følgjande fagområde/avdelingsleiarar, kulturskulen, bibliotek, kulturhusa, ungdomsarbeid og frivilligheit. Sette dagsorden for den faglege utviklinga og drift innanfor tenesta sine felt. Dialog og samarbeid med frivillige organisasjonar og profesjonelt kulturliv vil vere heilt sentralt. Sette kultur på dagsorden i møte med omstillingskrav og utviklinga av samfunnet som heilskap. Forvaltning av søknadsordningar. Fullføre samanslåingsprosessen mellom kulturtenesta og kulturskulen. Personalleiing. Økonomistyring. Deltaking i leiarnettverk både internt i kommunen og i regionale nettverk innan fagområda.
Kvalifikasjonar Kulturfagleg høgare utdanning frå høgskule/universitet. Erfaring frå offentleg forvaltning, eller annan relevant erfaring. Erfaring frå utviklingsarbeid. Leiarerfaring. Personlege eigenskapar Du må vere genuint opptatt av samfunnsutvikling vere opptatt av og innstilt på å arbeide med utvikling og omstilling innanfor tenesta for å tilpasse aktiviteten til endra føresetnadar vere kommunen sitt «ansikt utad» innanfor fagområdet, og det er viktig at du forstår og er bevisst denne rolla som leiar legge til rette for at dine medarbeidarar får rom for utvikling og plass i det offentlege rom vere serviceinnstilt og ha positiv haldning til både publikum og kollegaer ha evne og vilje til å tileigne deg, og dele ny kompetanse vere samarbeidsorientert og ha god evne til å bygge relasjonar internt og eksternt trivst med eit høgt arbeidstempo og kunne jobbe under press Vi tilbyr å vere ein arbeidsgjevar som ynskjer å leggje til rette for samfunnsutvikling eit godt etablert leiarnettverk med «låg terskel» mellom ulike avdelingar og fagfelt i kommunen godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer fleksibel arbeidstid løn etter avtale tilsetting på kommunale vilkår medlemsskap i offentleg pensjonsordning KLP KontaktinformasjonRolf Bjarne Sund, Kommunalsjef samfunn, kultur og miljø, +47 91710500
ArbeidsstadGate 1 64
- 6700 Måløy
- Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kinn kommune
- Referansenr.: 5155544465
- Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.08.2026
Om arbeidsgiveren: Vår visjon
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
JobSpring