Skip to content
← Back to job listings

Fast stilling (inntil 30%) og vikarar

AUKRA KOMMUNE KULTURADMINISTRASJON · Møre og Romsdal, Norway

External listingfull-time28 days ago

About The Role

Søk jobb hos oss og bli ein del av eit triveleg arbeidsmiljø i Aukra kulturhus. Dette kan vere den perfekte jobben for deg som er student, ønskjer ei ekstra inntekt eller ein jobb med fleksibel arbeidstid. Symjebassenget har ope alle vekedagar og er ein viktig møteplass for folk i alle aldrar. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, glad i menneske og tek ansvar for at gjestene våre får ei trygg og god oppleving. Arbeidsoppgåver: Sørge for at våre gjester til ein kvar tid opplever anlegget som trygt, reint og triveleg Sikkerheit i symjehallen, garderobar og fellesområde Om nødvendig utføre livredning og førstehjelp Utføre reinhald og vedlikehald Sal av billettar Krav til søkjar: Gode symjeferdigheiter Gjennomført livredningskurs er ønskeleg. Om ikkje får du gjennomført kurs før oppstart. Grunnleggande datakunnskapar Søkjar må ha fylt 18 år Særskilte krav:

Det vert stilt krav om politiattest Prøvetid

Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd. Søkarliste

Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge. Søknad sendast:

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad" Søknadsfrist: 17. august 2026. Tiltreding: Etter avtale Kontaktperson : Anne Jorunn Sandøy tlf. 9590705

Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Kulturavdelinga utfører tenester innafor arbeidsfelta ungdomsarbeid, folkehelse, rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid, idrett og friluftsliv, frivilligsentral, kulturskole, bibliotek, samt kulturformidling og lokalhistorisk arbeid.

Viktige samarbeidspartar for tenestene er alle som engasjerer seg som frivillige, det frivillige kulturlivet og einingane i kommunen. Kultur har delt drifta inn i ni ulike sjølvstendige fagområde. Den store bredda i fagfelta vert utnytta som ei styrke i utviklinga av kulturfeltet i kommunen.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing