Vernepleiarar og miljøterapeutar Selje/Stadlandet
STAD KOMMUNE BU OG MILJØ SELJE REIDAHAUGEN · Vestland, Norway
About The Role
Vil du vere med og utvikle gode helse- og omsorgstenester i Stad kommune? Bu- og miljøtenesta Selje/Stadlandet har no tre ledige 100 % stillingar som vernepleiar/miljøterapeut. Stillingane inkluderer 20 % frie timar. Vi kan tilby moglegheit for langvaktturnus med komprimert arbeidstid, noko som kan gi større fleksibilitet og meir samanhengande fritid Bu- og miljøtenesta er ei teneste i kontinuerleg utvikling, med fleire tenestestader som tilbyr heildøgnstenester og oppfølging av heimebuande brukarar. Vi gir tenester til menneske i ulike aldrar og livssituasjonar med ulike funksjonsnedsettingar, og arbeider målretta for å skape trygge, meiningsfulle og individuelt tilpassa tenester. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der samarbeid, utvikling og brukarmedverknad står sentralt. Målet vårt er å bidra til at kvar enkelt tenestemottakar opplever meistring, sjølvstende og best mogleg livskvalitet. Dette er stillingar for deg som ønskjer ansvar, sjølvstende og høg grad av fagleg påverknad i kvardagen. Hos oss jobbar du tett på menneske – og gjer ein reell forskjell. Arbeidsoppgåver Ansvar for det faglege rundt dei brukarane ein er primærkontakt for Kartlegge og vurdere behov Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team Rettleie studentar, lærlingar og kollegaer, og bidra til kompetansedeling og fagleg utvikling Følgje opp miljøterapeutiske tiltak Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal Tverrfagleg samarbeid med kommunale og eksterne tenester Kvalifikasjonar Utdanning og autorisasjon som vernepleiar eller treårig sosialfagleg utdanning på universitets- eller høgskulenivå God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Grunnleggande IKT-ferdigheiter Aktuelle kandidatar må ha førarkort klasse B Politiattest Personlege eigenskapar Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid Tek initiativ og ansvar Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre Vi tilbyr Godt tverrfagleg samarbeid Høve til å skape eit godt arbeidsmiljø Høve til fagleg utvikling Vi legg til rette for vidareutdanning på område som kommunen har behov for Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk Gode pensjons- og forsikringsordningar Busette i Stad kommune kan søkje Lånekassen om å få sleta delar av studielånet sitt Stad kommune har god båtkorrespondanse til Bergen og nærflyplass i i Gloppen - Sandane Anda lufthamn. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Referansar skal leggast inn. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søknad om unnatak må grunngjevast. Dersom du har spørsmål om stillinga kan du kontake avdelingsleiar Silje Sneide telefon 481 19 558 eller assisterande einingsleiar Ann-Charlotte Jansson telefon 977 23 146 KontaktinformasjonSilje Sneide, Avdelingsleiar Bu- og miljøtenesta, 48119558, Ann Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 97723146, Arbeidsstad 6750 Stadlandet Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5152939238 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026 Om arbeidsgiveren: Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
JobSpring