Skip to content
← Back to job listings

Regional prosjektleiar – Nasjonaljubileet 2029 i Møre og Romsdal

FJORDHAGEN AS · Møre og Romsdal, Norway

External listingtemporary2 months ago

About The Role

Vinteren 1028-1029 flykta kong Olav Haraldsson frå sine fiendar inn Storfjorden, gjennom Valldal og vidare over fjella til Lesja på veg mot eksil.

Tusen år seinare skal denne historia løftast fram når Møre og Romsdal markerer Nasjonaljubileet i 2029 med tema folketradisjon, året før den store nasjonale markeringa på Stiklestad i 2030. Saman er vi Nasjonaljubileet 2030 -- Noreg i 1000 år.

Vi søkjer etter ein samlande og initiativrik regional prosjektleiar som ikkje berre koordinerer, men som aktivt utviklar, sett i gang og driv arbeidet framover mot markeringa i Møre og Romsdal. Du får ei sentral rolle i å samle kommunar, institusjonar, tru- og livssynsaktørar, frivillige og næringsliv til ei markering som både engasjerer regionalt og blir synleg nasjonalt.

Om stillinga

Som regional prosjektleiar får du ansvar for å planleggje og gjennomføre markeringa av Nasjonaljubileet 2029 i Møre og Romsdal.

Du skal initiere samarbeid, stimulere til aktivitetar i heile fylket og bidra til at historia og folketradisjonane i Møre og Romsdal får ein tydeleg plass i jubileet. Arbeidet skjer i tett samarbeid med prosjektgruppe, ressursgrupper, styringsgruppa, den nasjonale jubileumsorganisasjonen og ei rekkje regionale samarbeidspartnarar.

Arbeidsoppgåver

leie planlegging og gjennomføring av Nasjonaljubileet 2029 i Møre og Romsdal

initiere, utvikle og koordinere aktivitetar og arrangement som styrkar jubileet, i samarbeid med lokale og regionale aktørar

byggje nettverk og skape samarbeid mellom kommunar, tru- og livssynsaktørar, kulturinstitusjonar, frivillig sektor og næringsliv, som kan føre til varig verdiskaping

bidra til synleggjering av Møre og Romsdal si historie og kultur i jubileumsmarkeringa

sikre framdrift, utvida finansiering, koordinering og god forankring i arbeidet

Kven vi ser etter

Vi ser etter deg som

har erfaring med planlegging og gjennomføring av større prosjekt eller arrangement

har god samfunnsforståing og interesse for kultur, historie og samfunnsutvikling

trivst med å jobbe sjølvstendig, samtidig som du samarbeider godt med andre

er ein relasjonsbyggar som tek tydeleg initiativ og skaper framdrift i samarbeid med andre

arbeider strukturert og målretta

Relevant høgare utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav. Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

ei sentral rolle i eit nasjonalt jubileum med regionalt ansvar

moglegheit til å løfte fram Møre og Romsdal sin plass i historia

eit engasjert fagmiljø og samarbeid med aktørar over heile landet

varierte, utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver

Arbeidsstad og vilkår

Arbeidsstaden er Valldal i Fjord kommune, Møre og Romsdal, der prosjektet har si base. Valldal har ei særleg historisk tilknyting til jubileet gjennom flukta til Olav Haraldsson i 1029.

Noko reiseverksemd må påreknast, og søkjar må disponere eigen bil. Det kan leggjast til rette for noko fleksibilitet når det gjeld arbeidsstad. Stillinga er ei treårig prosjektstilling.

Lønn etter avtale og kvalifikasjonar.

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Søk stillinga

Vil du vere med å forme korleis Møre og Romsdal skal markere Noreg i 1000 år?

Send oss søknad og CV som fortel kven du er og kvifor denne stillinga passer for deg. Vi ser etter deg som har ideane, energien og gjennomføringskrafta til å gjere Nasjonaljubileet 2029 til ei oppleving heile fylket vil hugse. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Om arbeidsgiveren: Arbeidsgjevar er Fjordhagen AS, næringshagen i Fjord kommune, med kontor i eit hyggeleg kontorfellesskap i Valldal sentrum. Den som vert tilsett får Valldal som hovudarbeidsstad og vil bidra til å byggje vidare prosjektmiljøet lokalt fram mot jubileet i 2029.

Fjordhagen arbeider med næringsutvikling, gründerstøtte og ulike prosjekt, og har for tida 3 tilsette fordelt på 2 årsverk.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing