Skip to content
← Back to job listings

Avdelingsleiar/skuleårsplanleggar

ÅRSTAD VIDEREGÅENDE SKOLE · Vestland, Norway

External listingfull-timeabout 1 month ago

About The Role

Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der elevar skal finne eit godt læringsmiljø. Sjå meir om skulen på htttps://www.arstad.vgs.no Til leiargruppa søkjer vi etter ein tydleg, trygg og samarbeidsorientert avdelingsleiar. Du vil ha overordna ansvar for det skuleadministrative systemet (InSchool) og skuleårsplanlegginga. Du jobbar tett saman med ein annan leiar om denne oppgåva. Stillinga er ledig frå 15.10.26 eller så snart som mogleg.

Arbeidsoppgåver Som avdelingsleiar vil du særleg arbeide med: Overordna ansvar for skuleårsplanlegging og drift av InSchool Fagleg og pedagogisk ansvar for opplæringa innanfor eit eller fleire fagområder Personal- og økonomiansvar Utvikling av undervisninga i samsvar med Fagfornyinga, Mål og stategiar for vidaregåande opplæring i Vestland og skulen sin utviklingsplan Undervisning kan bli tillagt stillinga Kvalifikasjonar Undervisningskompetanse i vidaregåande skule Det er ønskjeleg med: Erfaring frå arbeid i skuleadministrative system eller andre digitale system Erfaring frå utviklingsprosjekt retta mot å forbetre undervisningspraksis

Vidareutdanning innan leiing Personlege eigenskapar Du er systematisk, nøyaktig og løysningsorientert Du evner å sjå heilskap og kan finne løysingar som kjem alle til gode Du trivs å arbeide med tal og system Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Du set elevane si lærling, trivsel og gjennomføring fyrst Du er ein tydleg, trygg og open leiar med ein inkluderande leiarstil

Du er utviklingsorientert og har god gjennomføringsevne

Vi tilbyr Ein kreativ skule med stor variasjon innanfor utdanningsprogram Ein kultur prega av mangfald og engasjement Eit spanande, godt fagleg og sosial arbeidsmiljø med variert tverrfagleg samarbeid Gode forsikrings- og pensjonsordningar Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk Andre opplysningar: Tilsetjinga vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar. Det er eit vilkår om godkjend politiattest av ny dato for å bli tilsett i vidaregåande skule. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. KontaktinformasjonKari Danielsen, rektor , 99479832

ArbeidsstadFjøsangerveien 38

5053 Bergen

  • Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
  • Referansenr.: 5151418200
  • Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 15.10.2026

Søknadsfrist: 16.08.2026

Om arbeidsgiveren: Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing