Fagleiar plan - Har du lyst å leia ei sterk og konkurransedyktig plangruppe?
NORDPLAN AS AVD FØRDE · Vestland, Norway
About The Role
- Vi har høg aktivitet og mange spanande prosjekt som spenner mellom by- og tettstadsutvikling, reiseliv, bustad og industri til overordna areal- og samfunnsplanlegging.
- Vi treng deg som ønskjer å leia den vidare satsinga innan planfaget, og søkjer no fagleiar for våre 19 dyktige planleggjarar.
- Hva vi ser etter
- ønskjer at medarbeidarar skal lukkast og oppleva mestring
- har erfaring frå fag- og eller personalleiing
- har relevant erfaring og høgare utdanning innan planfaget
- balanserer kundefokus, kvalitet i leveranse og samfunnsansvar
- kommuniserer godt med ulike målgrupper
- har god kunde- og marknadsforståing
Arbeidsoppgaver
I Nordplan skal du
ha fagansvar for ei gruppe gode fagfolk
inngå i seksjonen si fagleiargruppe
sikre høg kvalitet på våre leveransar
bidra til strategi-, analyse- og utviklingsarbeid innan areal- og samfunnsplanfaget
ha ansvar for tilbod og ressursallokering
Vi tilbyr
Nordplan tilbyr eit fagleg interessant miljø med dyktige og hyggelege kollegaer.
Vi er rådgjevarar både på små og store oppgåver, og arbeidet er difor variert og utviklande.
Vi tilbyr konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, samt fleksibel arbeidstid. Arbeidsstad kan tilpassast den aktuelle kandidaten.
Om arbeidsgiveren: Nordplan AS er eit tverrfagleg rådgjevingsmiljø med over 100 medarbeidarar, fordelt på kontor i Ålesund, Ørsta, Måløy, Nordfjordeid, Stryn, Førde, Bergen, Stord, Vågå, Lillehammer og Oslo. Lokal forankring og kundenettverk er sjølve grunnstamma i Nordplan sin strategi -- vi kjenner staden og folket der vi er.
Areal- og samfunnsplanfaget i Nordplan har lang historikk og ei sterk forankring i organisasjonen. Det er over tid bygd eit godt fagmiljø fordelt på dei ulike kontora våre.
This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
JobSpring