Helsefagarbeidar
MYRVÅG OMSORGSSENTER · Møre og Romsdal, Norway
About The Role
Er du klar for nye utfordringar og ein jobb som gir meining?
Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeidar i 80% fast stilling til Myrvåg omsorgssenter, seksjon A. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø med faglege utfordringar. Stillinga er for tida organisert med tredelt turnus og arbeid kvar tredje helg.
Stillinga er ledig frå 21.09.2026 Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar
seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)
seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald
Arbeidsoppgåver pleie- og omsorgsoppgåver til bebuarar i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobiliering, og miljøarbeid) utarbeide og følge opp tiltaksplanar dokumentasjon etter gjeldande lovverk i journalsystemet Gerica
samarbeide tett med pasient, pårørande og ulike yrkesgrupper for å yte eit heilskapleg pasientforløp bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta Kvalifikasjonar norsk autorisasjon som helsefagarbeidar erfaring frå liknande arbeid er ein fordel gode datakunnskapar, erfaring med Gerica er ein fordel god munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting. Personlege eigenskapar tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt kan handtere utfordrande situasjonar roleg og utan å miste fatninga møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver har fokus på heilskaplege pasientforløp Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring. Vi tilbyr løn etter gjeldande tariffavtale gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI), Visma Veilederen og Glup fagdag i turnus Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen. Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Søkarlista kan verte offentleggjort. KontaktinformasjonAnna Emilie Blomstervik, Seksjonsleiar, +47 98075478
ArbeidsstadÅsvegen 13
6080 Gurskøy
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5156498995
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 21.09.2026
Søknadsfrist: 17.08.2026
Om arbeidsgiveren: Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
JobSpring